Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlmås, Rebecca
dc.date.accessioned2019-07-02T12:21:54Z
dc.date.available2019-07-02T12:21:54Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2603210
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, Musikkprofil Høgskulen på Vestlandet Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for kunstfag, Stordnb_NO
dc.description.abstractÅ dirigere skulekorps er ei mangefasettert oppgåve, som kan vere vanskeleg å fullt ut definere kva inneber. Eigne erfaringar og forsking har medført ein fascinasjon knytt til kva ein skulekorpsdirigent er og korleis ein kan forstå kva skulekorpsdireksjon inneber. For å få auka innsikt i kva dette yrket kan innebere har eg intervjua og observert 2 dirigentar når dei dirigerer sine respektive skulekorps. Eg har hatt ei diskursteoretisk tilnærming til å undersøkje desse 2 praksisane, og har med utgangspunkt i eit sosialkonstruksjonistisk vitskapssyn, ein epistemologisk tankegong og diskursanalytiske reiskapar prøvd å belyse følgjande problemstilling: Kva for diskursar er sentrale i dirigentpraksisar i to skulekorps, og korleis formar diskursane metodiske sider ved direksjonspraksisane i desse korpsa? Eg har gjennomført 3 kvalitative, semistrukturelle intervju med kvar av dei to dirigentane. I tillegg har eg gjennomført til saman 6 observasjonar. Ved hjelp av ei teoribygging basert på tankar og idear frå Michel Foucault sitt arbeid, har eg gjennomført ein arekologisk-inspirert utsegnsanalyse av det empiriske materialet mitt. Her har eg undersøkt kva for ytringsmåtar dirigentane nyttar når dei skal reflektere over sitt eige yrke. Dette arbeidet resulterte i 5 diskursar som verkar å vere sentrale i dei to dirigentpraksisane. Desse har eg vald å kalle sjølvforståingsdiskursen, meistringsdiskursen, diskuren som musikantsentrering, diskursen om musikk som eit opplevd fenomen og fellesskapsdiskursen. Vidare har eg undersøkt korleis møtet mellom desse diskursane ser ut for å danne ein diskursiv logikk som genererer, former og konstruerer nokre metodiske strategiar dirigentane nyttar i sin praksis. Diskursane får nokre handlingsmåtar til å tre fram som naturlege og fornuftige. Ein kan seie at diskursane mogleggjer eit handlingsrom, og gjennom analysen har det vore mogleg å seie noko om korleis diskursar regulerer i forhold til kvarandre. I drøftinga av diskursane kjem eg innpå både makt, konstruksjon av ulike objekt, subjektposisjonar om omgrepet diskursiv logikk. Avslutningsvis rettar eg fokuset mot kvifor eit slik bidrag til å forstå skulekorpsdireksjon kan vere nyttig, samstundes som eg prøver å peike på nokre framtidsretta perspektiv med tanke på framtidig arbeid.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSkulekorpsdireksjon: Eit diskursorientert bidrag til å forstå korleis direksjonspraksisar i skulekorps vert konstruertnb_NO
dc.title.alternativeConducting School-band A discursive contribution to understand how conducting- practices in Norwegian school band are being constructednb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMACREL-OPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal