Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOsen, Thorbjørn
dc.date.accessioned2019-06-27T11:48:19Z
dc.date.available2019-06-27T11:48:19Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602576
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Sogndal, 15.05.2019nb_NO
dc.description.abstractSom menneske er vi stadig på søking etter meininga med livet. Eit menneske sin identitet blir til i møte med andre menneske i ulike situasjonar, og vi er på evig søking eller vandring mot eit liv som vi ikkje heilt veit om vil gje oss den rette meininga med livet. Vandrarmotivet brukt som eit motiv eller eit symbol på denne søkinga kan vere ein nyttig inngang til arbeidet med litteratur på ungdomssteget. Dei fleste elevane, om dei blir gjort merksame på kva som ligg i vandrarmotivet, vil kunne kjenne seg igjen og forstå at dette er noko som er allment og som også gjeld dei. Oppgåva mi viser korleis vandrarmotivet kan lesast ut av tekstar henta frå romanen Victoria av Knut Hamsun og frå tre utvalde rocketekstar av Bruce Springsteen. Gjennom ei litteraturanalytisk nærlesing presenterer eg svar på kva som ligg i vandrarmotivet, kva for ulike mennesketypar som kjem til syne, og korleis dei vert skildra i tekstane som første del av oppgåva. Under den didaktiske delen set eg vandrarmotivet inn i eit danningsperspektiv relatert til litteraturarbeid på ungdomssteget generelt. Dernest drøftar eg kva vandrarmotivet med utgangspunkt i romanen Victoria av Hamsun og rocketekstar av Springsteen kan tilføre litteraturundervisinga på ungdomssteget. Sjølve vandrarmotivet har eit moralsk element ved seg. Det er ei vandring mot noko betre, og vandringa er gjerne verdiorientert på den måten at ein bryt med det etablerte verdisystemet for å søkje mot lausriving og fridom. Dessutan oppmodar vandringa oss om å utvikle våre evne og anlegg slik at vi kan bli betre til å ta vare på oss sjølve og våre medmenneske. Vandringa er sjølve livet, og det er ikkje nødvendigvis målet i seg sjølv som er det viktige, men heller prosessen mot å bli eit betre medmenneske. Vandrarmotivet i romanen Victoria av Hamsun – ein kjærleiksroman om to personar som har kjent kvarandre frå barndom til voksen alder – handlar om periodar i menneska sitt liv prega av uvisse og ustabilitet. Dei føler og opplever at urolege tankar heimsøkjer og plagar dei på vegen med leiting etter det meiningsfulle i livet. Springsteen sine tekstar handlar også om mange viktige livs- og identitetsspørsmål som gjer dei aktuelle å bruke i undervisninga. Tekstane hans handlar om menneske som søkjer etter ei meining med livet, om personar som er einsame og fortvila, men òg om personar som gjennom ei lang vandring finn vegen mot eit betre liv. Difor har eg sett det som interessant og spennande å finne ut om det å ta utgangspunktet i vandrarmotivet har noko for seg i arbeidet med litteratur på ungdomssteget, då ungdomstida er ein fase i livet der ein strevar med nettopp identitetsskaping. Skjønnlitteratur kan gje elevane hjelp til identitetsutvikling. I Kunnskapsløftet, LK 06, vert norskfaget omtala som eit danningsfag, underforstått at arbeidet med litteratur har eit stort danningspotensiale. Litteraturlesing skal føre til identitetsutvikling hjå elevane, og dei skal kunnenb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleVandrarmotivet i tekstar av Knut Hamsun og Bruce Springsteen: Litteraturundervisning på ungdomstrinnetnb_NO
dc.title.alternativeThe wanderer-perspective in texts by Knut Hamsun and Bruce Springsteen: Teaching of Literature in Secondary Schoolnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber75nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal