Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMåredal, Helen
dc.date.accessioned2019-06-27T11:37:12Z
dc.date.available2019-06-27T11:37:12Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602566
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Vår 2019nb_NO
dc.description.abstractTemaet for denne masteroppgåva er å sjå på korleis eit utval norsklærarar i ungdomsskulen arbeider med å legge til rette for leselyst i klasserommet. For å finne mogelege svar på problemstillinga har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking. Eg har djupneintervjua fire norsklærarar i ungdomsskulen. Felles for dei fire informantane er at dei har lang erfaring, og at andre lærarar meiner at dei jobbar godt i høve elevar og leselyst. Eit hovudmål med undersøkinga har vore å kartlegge faktorar som kan vere med på å stimulere til leselyst for ungdomsskuleelevar. Eg søkte å finne ut noko om korleis den gode leselæraren underviser, kva han tenker rundt det å velje ut bøker og korleis han meiner eit klasserom bør sjå ut. I tillegg ville eg vite om elevane har tilgang på bøker i klasserommet og finne ut korleis lærarane nyttar skulebiblioteket eller folkebiblioteket i skulekvardagen. Etter å ha intervjua lærarane, sit eg igjen med kunnskap som kan vere med på å gjere meg, og kanskje også andre, til betre leselærarar. Informantane har delt raust av sine erfaringar, og det var verkeleg interessant å høyre om tankane deira knytt til temaet leselyst. Alle informantane er glade i å lese, og er veldig opptekne av at elevane skal få mogelegheita til å oppleve den same lysta til å lese som dei sjølv har. Lærarane er samde om at det er viktig å finne tekstar som fenger elevane. Dei er alle opptekne av at elevane skal kose seg med lesing, og at det ikkje treng å vere oppgåver eller etterarbeid knytt til det elevane les. Lesinga kan også vere eit mål i seg sjølvnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Som lærar så er du litt sånn guide da» : Om korleis fire norsklærarar i ungdomsskulen legg til rette for leselystnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber91nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal