Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvåle, Ingvil Loftesnes
dc.date.accessioned2019-06-27T11:33:26Z
dc.date.available2019-06-27T11:33:26Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602563
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Innleveringsdato: 15.05.2019nb_NO
dc.description.abstractDei internasjonale prøvane PISA og PIRLS i 2001 og 2003 viste at norske elevar ikkje hadde så god lesedugleik som ein gjerne trudde. Mange forklaringa på dei svake resultata blei lanserte og elevane sin svake kompetanse i bruk av lesestrategiar har vore ei forklaring som har fått stor merksemd (Anmarkrud & Refsahl, 2010, s. 13). Det vart gjennomført endringar (Sædberg, 2017) og resultatet av dette er at lesestrategiar i dag har ein større plass i skulen (Anmarkrud & Refsahl, 2010, s. 13). Samtidig har utviklinga av fenomenet fagspesifikk leseopplæring vakse fram som ein motpol til fagovergripande leseopplæring. Den fagspesifikke tradisjonen har vakse fram med bakgrunn i frustrerte lærarar som ytra misnøye med den generelle leseopplæringa (Shanahan & Shanahan, 2008, s. 40). Shanahan og Shanahan (2008, s. 57) argumenterte for at ein måtte utvikle ei fagspesifikk leseopplæring som i større grad ville kunne appellere til faglærarane. Med denne masteroppgåva ynskjer eg å setje lys på korleis norsklærarar dreg med seg sin kompetanse og kunnskap om lesing og lesestrategiar inn i andre fag enn norskfaget. Problemstillinga freistar å gje ei djupare innsikt i og forståing av korleis norsklærarar arbeider med og implementerer lesestrategiar i undervisningsarbeidet, i tillegg til deira tankar om kvifor dei gjer som dei gjer. Det er av interesse å studere kva lærarane gjer og ynskjer å gjere, og ikkje kva effekt bruk av lesestrategiar har. Det er tankane og skildringane lærarane har rundt det å bruke lesestrategiar i arbeidet for at elevane skal utvikle seg til strategiske lesarar som er av interesse. Undersøkinga er fenomenologisk forankra gjennom ei kvalitativ tilnærming. Eg har intervjua og observert fire norsklærarar på mellomtrinnet i fire ulike fag; engelsk, KRLE, samfunnsfag og naturfag. I intervjua nytta eg ein semistrukturert intervjuguide, medan eg under observasjonane nytta eit observasjonsskjema som var utforma på førehand. Informert samtykke vart sikra både gjennom informasjonsskriv til rektor og lærarar, og dessutan innleiingsvis i kvart intervju. I arbeidet med oppgåva har eg valt å knyte lesestrategibruk opp mot arbeid med fagovergripande- og fagspesifikk leseopplæring. Eg har ikkje hatt som mål å generalisere, men å kaste lys over temaet og gje grunnlag for nye hypotesar og vidare teoretisering. Eit ynske er også at studien kan overførast og vere interessant for andre lærarar på tvers av fag og alderstrinn. Funna mine indikerer at informantane i hovudsak fokuserer på fagovergripande leseopplæring og i mindre grad på fagspesifikk leseopplæring. Informantane oppgjev at dei i liten grad brukar lærebok. Dei brukar mykje tid på tekstutval, noko som indikerer at informantane er opptekne av å bruke ulike typar tekstar som er relevante i dei ulike faga. Difor er det interessant at dei ikkje er like opptekne av at desse ulike tekstane også krev at dei gjer endringar i høve strategibruk. Informantane ser ut til å bruke relevante lesestrategiar i dei ulike faga og er særleg opptekne av å arbeide med fagspesifikke nøkkelord i faga. Det kjem tydeleg fram at informantane nyttar lesestrategiar på overflatenivå i større grad enn lesestrategiar på djupnenivå. Dette kan tyde på at etterlesingsfasen og bruk av kontroll- og djupnestrategiar er vanskelegare enn dei to føregåande fasane og overflatestrategiar. Ein konsekvens av dette er gjerne at det vert vanskeleg å utvikle strategiske lesarar som evnar å gå i djupna i tekstane dei les. Funna mine avslører ein gjennomgåande faktor i alle ledd av strategiundervisninga, nemleg at informantane ikkje er medvitne kring det å lære elevane eit fagspråk, både i dei ulike faga og i strategiundervisninga. Dette gjeld både å modellere bruk av lesestrategiar for elevane, å vere tydelege overfor elevane kva for lesefase dei oppheld seg i til ei kvar tid og å hjelpe elevane å utvikle seg til strategiske lesarar med eit metaspråk. Dette klarar ein nok ikkje å oppnå dersom ikkje lærarane sjølve tydeleg og konkret nyttar metaspråket overfor elevane. Slik sett indikerer funna mine at undervisninga i stor grad føregår implisitt, men at eksplisitt undervisning også førekjem. Eg meiner at undersøkinga har gjeve meg relevante svar på problemstillinga mi, og at funna mine kan bidra til å kaste lys over korleis undervisning i lesestrategiar føregår i andre fag enn norskfaget. Samtidig er det viktig å presisere at dataa mine ikkje gjev grunnlag for generaliseringar, og at andre metodar, informantar og framgangsmåtar kunne ha gjeve andre funn og resultat.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleUndervisning i lesestrategiar på mellomtrinnetnb_NO
dc.title.alternativeThe Pupils´ Path to Strategic Reading in Middle Schoolnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber95nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal