Fagdidaktisk tilnærming og kroppsøvingselevar si involvering i longnet volleyballundervisning
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2602493Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med den masterstudien er å undersøke i kva grad det er forskjellar i elev-involvering ved bruk av undervisningsmetodane økologisk oppgåveanalyse og tradisjonell undervisningsmetode i volleyballundervisning ved bruk av longnet. I oppgåva har det blitt undersøkt i kva grad involveringa i er ulik mellom undervisningsmetodane, i kva grad erfaring i volleyball, kjønn og klasse har påverka involveringa og i kva grad elevane har opplevd involvering og glede ved å spele volleyball på longnet. For å undersøke involveringa til elevane i undervisninga vart det gjennomført aksjonsforsking med 41 10.klassingar. Deltakarane vart undervist i tre timar med kvar av undervisningsmetodane og svara påspørjeskjema knytt til den kognitive, kjenslemessige og sosiale –involveringa. Spørjeskjema som vart nytta er basert på Ramey, Rose-Krasnor, Busseri, Gadbois, Bowker og Findlay (2015) sitt spørjeskjema om involvering. Deltakarane vart også spurt om erfaringar ved å bruke longnet i volleyballspelet. Resultata frå denne undersøkinga fann ingen signifikante forskjellar i involveringa i undervisningsmetodane. Deltakarane i denne undersøkinga opplevde spesielt høg emosjonell involvering i båe undervisningsmetodar. Studien viser at deltakarane med høgare erfaring i volleyball svara at dei opplevde større involvering i den tradisjonelle undervisninga medan jentene opplevde noko høgare involvering i den økologiske undervisninga. For å inkludere jenter og elevar med mindre erfaring kan økologisk oppgåveanalyse nyttast som eit alternativ til tradisjonell undervisningsmetode. På grunnlag av at den nye læreplanen i kroppsøving framhevar allsidig motorisk læring, eit meir variert fag og stimulerer til eit breitt utval av rørsleaktivitetar, kan båe desse undervisningmetodane nyttast dersom det er eit mål å skape involvering og metodevariasjon i faget .Denne undersøkinga har også vist at elevane har opplevd svært høg involvering i spel på longnet. Dersom ein ynskjer å skape mykje ball-touch og fysisk involvering, kan longnet med fordel nyttast i volleyballundervisning.
Beskrivelse
MAS3-307- Masteroppgåve i læring og undervisning Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag 15.05.2019