Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFluge, Andrea Gåsemyr
dc.date.accessioned2019-06-27T08:56:49Z
dc.date.available2019-06-27T08:56:49Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602490
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Høgskulen på Vestlandet 15.05.2019nb_NO
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva er å få auka innsikt i korleis lærarar gjennomfører undersøkande undervisning i algebra. Bakgrunn for dette masterprosjektet er eigne erfaringar og forsking på algebraundervisning. Mange elevar synest algebra er vanskeleg å forstå. Eg har erfart sjølv i praksis at dette er eit emne som er utfordrande å undervise i, og fleire lærarar eg har snakka med er samde i dette. Forsking på algebra syner ulike «inngangsportar» for algebraundervisning. Ein metode er undersøkande undervisning. Det er forsking på kva undersøkande undervisning er, prinsipp for korleis den skal brukast og kritiske blikk, ikkje korleis dei gjer det i praksis. Studien søkjer å finne ut korleis lærarar gjennomfører undersøkande undervisning, kva dei uttrykker er viktig for si gjennomføring av undervisninga og korleis lærarane sine didaktiske val påverkar gjennomføringa av undervisninga. Vidare har studien sett på tre lærarar og undervisningspraksisen, og har eit kvalitativt design. Eg har nytta observasjon og semistrukturert intervju som metode. Observasjonane og intervjua er analysert og blir brukt for å underbygge funna ved kvarandre. Tidlegare forsking gjev eit verdifullt bilete på korleis undersøkande undervisning i matematikk kan vere, men inga kjent forsking for denne studien har skildra korleis det blir gjennomført. Gjennom intervju og observasjonane har studien belyst fem forhold som skildrar gjennomføring av undersøkande undervisning i algebra, og korleis lærarane sine didaktiske val påverkar gjennomføringa av undersøkande undervisning. Dei fem forholda er elevaktivitet, lærarrolla, klassemiljø, læringsmiljø og verdifulle utfall. Desse har blitt drøfta opp i mot teori med tidlegare forsking på området. Analysen syner at undersøkande undervisning i algebra, i dei tre klasseromma, er kjenneteikna av desse forholda, men at lærarane har ulike måtar å praktisere undervisninga på. Ut i frå dette kjem det også fram ulike samanhengar mellom vala dei gjer og gjennomføringa. Dette kjem til utrykk gjennom observasjon og samtale med lærarane, der dei reflekterte og delte erfaringar. Eg håpar at min studie kan bidra med interessante funn innanfor emnet undersøkande undervisning.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleUndersøkande undervisning i algebranb_NO
dc.title.alternativeInquiry-based learning in algebranb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber79nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal