Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlme, Marie
dc.date.accessioned2019-06-27T08:44:57Z
dc.date.available2019-06-27T08:44:57Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602484
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Høgskulen på Vestlandet 15.05.19nb_NO
dc.description.abstractBakgrunnen for denne studien er eigne erfaringar og tidlegare forsking. Innanfor ramma av eit klasserom eksisterer det ulike former for samtalemønster. Samtale er eit viktig verktøy i skulen, kanskje spesielt mykje brukt i dei lågaste trinna der elevane er nye i skulekonteksten, og ikkje alle kan lese og skrive. Forsking har sett på klasseromssamtalar i høgare klassetrinn knytt til fag, og funna viste at det er læraren som har mesteparten av ordet i undervisninga. Samstundes føreligg det lite forsking på klasseromssamtalen i fyrste og andre klasse, og inga kjend forsking ved fådelte skular som eg har funne. Nettopp difor ynskjer eg å finne ut noko om dette. Føremålet med studien er å få auka innsikt og kunnskap om klasseromssamtalen i fyrste og andre klasse. Studien søkjer kjenneteikn ved klasseromssamtalen ved ein fådelt skule, og byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Den har undersøkt eitt klasserom med to ulike lærarar, og har eit kvalitativt design. Som metodereiskap har det vore nytta observasjon. Observasjonane er primærfunn for analyse av datamateriale. Analysen er todelt og vil difor også bli presentert i to delar. Etter å ha analysert observasjonane, har studien kome fram til fem kategoriar som kjenneteiknar klasseromssamtalen i fyrste og andre klasse ved ein fådelt skule. Dei identifiserte hovudkategoriane er spørsmål-svar-sekvensar, irettesetting, verdsetjing av elevinnspel, instruksjonar og når samtalen sporar av. Desse har blitt løfta fram og drøfta i lys av teori og tidlegare forsking. Resultatet for dei to lærarane vil bli presentert samla då biletet av dei er nokså likt. Resultatet viser at læraren stiller mange spørsmål og mesteparten er lukka spørsmål. Dette dominerer klasseromssamtalen. Ein finn mange spørsmål-svar-sekvensar og variasjonar lærarrespons. Lærarane må ofte irettesette elevane og gir både lange og korte instruksjonar. Av og til sporar samtalen av, ofte ved at læraren stiller eit spørsmål eller snakkar om eit bestemt tema og at elevane kjem med svar eller innspel som ikkje handlar om tema.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKlasseromssamtalen i fyrste og andre klasse ved ein fådelt skulenb_NO
dc.title.alternativeThe classroom conversation in first and second grade in a school with mixed-age classesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber75nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal