Problemløysingsstrategiar i nettressursar
Bachelor thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2600877Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne bacheloroppgåva handlar om problemløysingsstrategiar innanfor matematikk. Målet med forskinga mi var å finne ut korleis ulike strategiar for problemløysing kjem til syne i nokre nettressursar. Den overordna problemstillinga var: «Korleis kjem strategiar for problemløysing fram i eit utval nettressursar for ungdomssteget?». For å kunne svare på dette har eg studert nettressursane for å finne ut om problemløysingsstrategiane blei tydeleg brukt og om strategibruken var variert og systematisk. Oppgåva inneheld ein teoridel knytt til sosiokulturell læringsteori og teori knytt til problemløysing som analysen og drøftinga byggjer vidare på. Som metode er det brukt ein kombinasjon av kvalitativ og kvantitativ innhaldsanalyse. Funna viser at nettressursane er ulike når det gjeld variasjon i bruk av problemløysingsstrategiar. Fleirtalet av problemløysingsstrategiar er brukt meir enn nettresursane gjev uttrykk for. Nettressursane brukar i liten grad namn på problemløysingsstrategiar, og problemløysing og problemløysingsstrategiar er ikkje nemnd eksplisitt i nokon av ressursane.
Beskrivelse
PE379-1 19V Bacheloroppgåve i Grunnskulelærarutdanning 5.- 10. Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag 10. mai 2019