Klasseleiing og profesjonsutvikling i praksisfeltet
Original version
Sekkingstad, D. & Syse, I. (2013). Klasseleiing og profesjonsutvikling i praksisfeltet. I I. Pareliussen, B. B. Moen, A. Reinertsen & T. Solhaug, FoU i praksis 2012 conference proceedings (s. 232-239). Trondheim: Akademika forlag.Abstract
Klasseleiing er sett på dagsorden gjennom stortingsmeldingar og andre styringsdokument for utdanningssektoren. Målet er å betre læringsmiljøet for elevane. I samband med dette tilbyr utdanningsinstitusjonar vidareutdanning i klasseleiing for å få lærarar til å vidareutvikle kompetansen sin på dette feltet. I denne artikkelen tek vi utgangspunkt i 38 eksamenssvar frå lærarar som har delteke på eit slikt vidareutdanningskurs. Her ser vi nærmare på kva lærarane vel å arbeide med for å utvikle kompetansen sin som klasseleiar. Hovudfokus er kva strategiar dei brukar i ein slik profesjonsutviklingsprosess. Konklusjonen er at lærarane er mest opptekne av å utvikle struktur og relasjonskompetanse, og at prøving og feiling knytt til tilbakemeldingar frå elevar og eigenrefleksjon er den vanlegast strategien for profesjonsutvikling. Lesing av litteratur blir også framheva som nyttig.