Den stumme læraren
Others
Submitted version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2594527Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3628]
- Institutt for kunstfag [290]
Originalversjon
Rolfsnes, G. A. (2018). Den stumme læraren. Utdanning.Sammendrag
Våren 2017 skreiv Framtida.no om song i skulen. Elevar syng mindre enn før, og at song i ny overordna del av læreplan ikkje vart nemnt med eitt ord. I høyringsrunden til ny overordna del meldte mellom anna Høgskolen på Vestlandet sitt fagmiljø inn dette som ein stor svakheit. Den overordna delen av læreplanen, den nye grunnlova for skulen, vart fastsett 1.september 2017. Song står ikkje der. Etter ”skolenes sangdag” den 4.mai, framhevar Utdanningsnytt problematikken fram igjen, og det vert hevda at song er svekka i skulen. Eg trur det er både sant og ikkje sant. Syngende Skole har gjort ein stor innsats for å auke bruk av song i skulekvardagen dei siste åra. Veldig mange skular er opptekne av å bruke song på dagleg basis med elevane. Men eg er enig med Solveig Salthammer Kolaas frå Nord Universitet i at song og estetiske fag bør inn som ein obligatorisk del av lærarutdanningane. For det er ikkje berre musikklærarar som må kunne synge med elevane.