dc.description.abstract | Øvre Ormelid med delar av Nedstestølen, Øvstestølen og tilliggjande utmarksareal vart vinteren 2017 utpeika som "nasjonalt utvald kulturlandskap i jordbruket" (UKL). Kulturlandskapselementa og kulturmarkstypane i nærområda er varierte med eit høgt biologisk mangfald. Naturenger og kulturenger på innmarka utgjer dei største areala. Kulturmiljøet er særprega med eit variert bygningsmiljø. Innmarksarealet til garden har eit høgt tal med dyrkingsspor.
Øvre Ormelid er delt inn i 12 ulike restaurerings- og skjøtselsområde: 1) Tunet, 2) Dumpi, Flåten og Skallen (nedre del), 3) Teigane nedre, 4) Teigane øvre, 5) Plassen og Skallen (øvre del), 6) (Monsateigen, 7) Flåtakloi, 8) Gjerdene, 9) Grøsvaløa, 10) Nedstestølen, 11) Øvstestølen og 12) Dølavegen. | nb_NO |