Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorThoresen, Anette Angeltveit
dc.date.accessioned2018-10-12T07:11:23Z
dc.date.available2018-10-12T07:11:23Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2567742
dc.description.abstractNorskfaget i grunnskulen har eit særleg ansvar for opplæringa til munnleg kompetanse. I fylgje generell del i Kunnskapsløfte er kompetanse det same som kunnskapar og ferdigheiter i eit emne, som kjem til uttrykk i arbeidet med å løyse komplekse utfordringar. Ei slik kompleks utfordring i det munnlege emnet er gjerne arbeidet med å førebu ein munnleg presentasjon. Då må elevane nytta kunnskapar om og ferdigheiter i det munnlege. Denne studien analyserer eit slikt munnleg arbeid, og presenterer kva som karakteriserer det. Formålet med studien har vore å sjå etter arbeidsmetodar i førebuingsfasen fram mot ein munnleg presentasjon, og om det er nokre gjennomgåande trekk i arbeidet deira som kan indikere kva kunnskapar og ferdigheiter dei har i det munnlege, altså den munnlege kompetansen, og i kva grad dei gjer medvitne val i prosessen. Problemstillinga eg har jobba med er: Kva karakteriserer elevane sine arbeidsprosessar med å finne og organisere stoff, og utvikle manus, fram mot ein munnleg presentasjon? I arbeidet med å prøve å svare på denne har eg observert ein tiandeklasse og deira fordjupingsoppgåve, fram mot presentasjonen av den. I tillegg til observasjon har eg intervjua elevar og faglærar, samt gjort ei dokumentanalyse av manusa deira. Gjennom tre ulike tilnærmingar har eg fått eit godt innblikk i casen. Til grunn for studiet mitt av det munnlege ligg retorisk teori og prinsipp, så vel som sosial læringsteori. Datamaterialet har eg analysert i eit retorisk perspektiv, og nytta teorien for å kunne utdjupe og drøfte funna. I tillegg har eg nytta nyare teksteori frå Breivega i analysen av manusa. Ei slik strukturanalyse ser på teksten uavhengig av sin kontekst, og seier noko om kva funksjon strukturen tilfører teksten. Funna mine indikerer at det er eit sprik i kunnskap om og ferdigheiter i munnleg arbeid, samt ingen gjennomgåande strategiar for korleis løyse oppgåva. Alle informantane løyste oppgåva slik dei såg det var best, og denne studien seier noko om variasjonane i fokus, tidsbruk, arbeidsmetodar og mottakarmedvit. Funn avdekka også at innhald var spesielt viktig, og at arbeidet med å samle og organiserer sakkunnskapane tok opp største parten av førebuingstida. Elevane jobba skriftleg med å utvikle manus i førebuinga, og dokumenta vart det skriftlege uttrykket på arbeidet med å strukturere innhaldet, og framstille det språkleg for ein mottakar. Funna frå strukturanalysen viser at majoriteten av elevane bruker ein deskriptiv struktur, som gjennom komponentdelar gjer stoffet lett tilgjengeleg for ein lesar eller ein lyttar. Dette indikerer mottakarmedvit. Avslutningsvis drøftar eg kva dette fortel om den munnlege kompetanse til elevane, og om elevane kunne vore tent med ei meir systematisk opplæring også i dette.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKvar går vegen til munnleg kompetanse? : Eit blikk på arbeidsprosessen fram mot ein munnleg presentasjonnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMACREL-OPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal