Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLillebø, Rolf Stefan
dc.date.accessioned2018-10-12T07:03:39Z
dc.date.available2018-10-12T07:03:39Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2567737
dc.description.abstractDenne studien har gått ut på å finne ut kva som kan skape motivasjon i eit samspelsprosjekt på musikklinja i vidaregåande skule. Det handlar om å finne faktorar som har innverknad på motivasjonen hos dei som deltek. For å finne desse motivasjonsfaktorane har eg forska på eit samspelsprosjekt som vart gjennomført på musikklinja. Samspelsprosjektet vart av informantane nemnt som storprosjektet. Storprosjektet var omfattande og alle elevane og fleire lærarar tok del i arbeidet med å få prosjektet på plass. Eg nemner difor elevar og lærarar som deltakande gjennom denne teksten. Under innsamlinga av data observerte eg ei øving til storprosjektet og intervjua to elevar og ein lærar. Dei fortalde mellom anna om opphaldet på musikklinja, det musikalske og det sosiale miljøet generelt og om opplevingane dei fekk av storprosjektet. Til teori brukte eg Engeström sin aktivitetsteori. Eg brukte også Bandura sin motivasjonsteori om «self-efficacy» som på norsk vert omsett til meistringstru. Eg brukte desse teoriane til å belyse funna mine teoretisk. Eg orienterte meg også i tidlegare studiar for å ta inspirasjon og samanlikne mine funn i forhold til desse. Mitt arbeid i denne masteroppgåva gjekk ut på å finne svar på ei problemstilling eg valde for studien. Problemstillinga til min studie formulerte eg slik: Korleis kan motivasjon opplevast og skapast i samband med eit musikalsk samspelsprosjekt på ei musikklinje i vidaregåande skule? Eg enda opp med å finne fem faktorar som viste seg å vere spesielt innverkande for motivasjonen imellom dei deltakande i storprosjektet. Desse motivasjonsfaktorane var preferansar, samhandling, mål, meistring og rollefordeling.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKva kan skape motivasjon i musikalsk samspelsprosjekt på musikklinja i vidaregåande skule?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMACREL-OPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal