Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEbne, Annette
dc.date.accessioned2018-09-21T06:24:18Z
dc.date.available2018-09-21T06:24:18Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2563763
dc.descriptionMasteroppgåve i undervisingsvitskap, fordjuping i norsk Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett, Bergennb_NO
dc.description.abstractTemaet i denne masteravhandlinga er lettlestbøker og litterær kvalitet. Forsking viser at 20 % av elevane i skulen har lese- og skrivevanskar (Dysleksi Noreg, 2016). Elevar med manglande erfaring og motivasjon innan lesing eller andre lese- og skrivevanskar som til dømes dysleksi, har difor behov for lettlest litteratur. Utfordringa er at fleirtalet av lettlestbøkene som finst på dagens bokmarknad er rekna for elevar i byrjaropplæringa, samt at lettlestbøkene sin kvalitet har vorte diskutert og kritisert. Lettlestbøker og litterær kvalitet er ikkje to omgrep som ofte blir sett i samanheng med kvarandre. I denne masteravhandlinga er det ikkje eit mål å undersøkja det normative. Målet er derimot å undersøkja kva som kan vera ei god lettlestbok for elevar frå mellomtrinnalder og eldre, samt korleis litterær kvalitet kan koma til uttrykk i lettlestbøker. Det teoretiske grunnlaget for studien er fleire sentrale tenkarar om litterær kvalitet på den eine sida og lettlest litteratur på den andre sida. Hovudfokuset ligg på Erik Bjerck Hagen og Atle Christiansen sine tilnærmingar til litterær kvalitet, samt Ingolv Austad sine tre faktorar for leselegheit og Leser søker bok sine kriterium for lettlestbøker. Kombinasjonen av desse perspektiva utgjer ei litteraturvitskapleg og språkvitskapleg forståingsramme i studien, då dei sett fokus på både litterære kvalitetskriterium samt naudsynte språklege tilpassingar. Dette er eit kvalitativt forskingsprosjekt som byggjer på to metodar: intervju og litterær analyse. Intervjuet er gjennomført i samband med ein elev som les lettlestbøker, ein lærar, ein bibliotekar, kritikaren Linn T. Sunne og forfattaren Bjørn Sortland. Kunnskapane og erfaringane til informantane samt det teoretiske grunnlaget, er utgangspunktet for ein litterære analyse som gir innsikt i korleis kvalitet kan visa seg i to utvalde lettlestbøker. Studien viser at det er mange tankar kring kva litterær kvalitet og lettlest litteratur er, men at det ikkje kjem tydeleg fram kva ein verkeleg legg i desse omgrepa. Det gjer det utfordrande å seia noko spesifikt om korleis lettlestbøker for eldre elevar bør vera for å kunne ha høg litterær kvalitet. Det kan verka som at det har skjedd ei endring i synet på lettlestbøker sin funksjon som har ført til at innhaldet blir meir prioritert enn før. Denne endringa er med på å gjera at lettlest litteratur kan ha høg litterær kvalitet. Det er ikkje berre innhaldet som er avgjerande for kvaliteten. Studien viser at litterær kvalitet er eit resultat av samspelet mellom innhald og form, og då nærare bestemt bøkene sin dramaturgi. Det kan dessutan verka som at språket i lettlestlitteraturen ikkje nødvendigvis må vera heilt fritt for språkleg leik, men at det kan vera innspel av språklege verkemiddel som er med på å gjera språket meir levande Forskingsprosjektet viser òg at det somme gonger er ulike kriterium som blir vektlagde i barne- og ungdomslitteraturen og i vurderinga av litterær kvalitet, og at det kan verka som at kriteria for litterær kvalitet er meir lesarorienterte. Det kan tyda på at det bør bli utforma nokre nye kriterium for lettlest litteratur, og at desse kriteria moglegvis kunne hatt eit større fokus på mottakaren av litteraturen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLettlestbøker – litterær kvalitet for eldre elevar? Eit kvalitativt studium av litterær kvalitet i lettlestbøker for elevar frå mellomtrinnalder og eldrenb_NO
dc.title.alternativeEasy reads – quality literature for older students? A qualitative study of literary quality in easy-to-read books for students in secondary school and abovenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeUND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal