Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJagedal, Sara
dc.date.accessioned2018-07-03T09:23:57Z
dc.date.available2018-07-03T09:23:57Z
dc.date.issued2018-05-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2504124
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Institutt for pedagogikk , religion og samfunnsfagnb_NO
dc.description.abstractOppgåva er ein studie der føremålet har vore å undersøke ein todelingsmodell for kroppsøvingsfaget. Eleven si oppleving, trivsel, motivasjon, saman med kroppsøvingsfaget sin aktualitet og motivasjonsteori har danna eit teoretisk perspektiv for studien. Ein todelingsmodell inneber at elevane får moglegheit til å velje mellom to retningar i kroppsøvingsfaget, idrettsglede og rørsleglede. Idrettsglede inneheld blant anna fleire aktivitetar som utviklar ferdigheiter i ulike idrettar, og rørsleglede inneheld mange leikprega aktivitetar som fremjar gleda av å vere i aktivitet, med mindre fokus på teknikktrening og sjølve idretten. Fem elevar (to jenter og tre gutar) og ein kvinneleg kroppsøvingslærar var med i undersøkinga. Utvalet var frå ein 3. klasse på ein vidaregåande skule i Noreg. Gjennom kvalitative semistrukturerte intervju har elevane og kroppsøvingslæraren medverka til å belyse problemstillinga mi. I undersøkinga mi finn eg at elevane viser seg å vere svært nøgde med å få tilbod om ein todelingsmodell i kroppsøvingsfaget. Dette med bakgrunn i at dei sjølv får lov til å velje kva retning dei ynskjer å delta i. Elevane fortel at dei har fått ei betre oppleving av kroppsøvingsfaget, har betre trivsel, nokon fortel om auka motivasjon og dei fleste opplever auka meistring når todelingsmodellen er gjeldande. Kroppsøvingslæraren har òg opplevingar av at elevane opplever todelingsmodellen som svært positivt, både for læring, meistring og gjennomføring av faget. Som ei utfordring vert det trekt fram at todelingsmodellen kan skape eit stereotypisk klasseskilje og eit mønster av å velje den retninga som venen eller vennina vel. I oppgåva mi konkluderer eg mellom anna at elevane og kroppsøvingslæraren er svært nøgde med ein todelingsmodell i kroppsøvingsfaget. Som følgje av vide og djupe intervju, med forholdsvis få respondentar kan ein berre sjå trendar, og ikkje generalisere resultata.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectkroppsøvingnb_NO
dc.subjecttrivselnb_NO
dc.subjectmotivasjonnb_NO
dc.subjectmeistringnb_NO
dc.subjectopplevingnb_NO
dc.subjecttodelingsmodellnb_NO
dc.subjectrørslegledenb_NO
dc.subjectidrettsgledenb_NO
dc.titleTodelingsmodell i kroppsøving – trivsel og motivasjon?nb_NO
dc.title.alternativeTwo-part model in physical education – enjoyment and motivation?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307 1 MA 2018nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal