Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLilleslett, Ane Bøhn
dc.date.accessioned2018-02-01T15:10:00Z
dc.date.available2018-02-01T15:10:00Z
dc.date.issued2016-05-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481977
dc.descriptionMaster i Samfunnsfagdidaktikken_GB
dc.description.abstractUtgangspunktet for denne masteroppgåva har vore problemstillinga: “Kva livsutsikter hadde jenter fødd i Gol på slutten av 1800-talet?”. Og med underproblemstillingane: “Kva strategiar valde kvinner født i 1874 og 75 for å skaffe seg eit utkomme og utsikter til eit godt liv?”. Og “Kva slags føresetnad hadde dei ulike kvinnene?” Undersøkinga vart avgrensa til seksti kvinner fødd på Gol. Ved å følgje liva deira vart det undersøkt kva val dei tok for å skaffe seg utsikter til eit utkome og eit godt liv. Metoden livsløpsanalyse vart nytta for å svare på problemstillingane. Denne metoden nyttar eit mikroperspektiv der individet er i fokus. Konteksten rundt kvinnene er likevel i høg grad med på å påverke kva val dei gjorde i livet. Difor har eg også drege inn relevant forskingslitteratur om emne, både på nasjonalt og lokalt nivå for å belyse konteksten jentene vaks opp i mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Informasjonen om kvar enkelt vart samla i ein database, og nytta i analysen for å finne mønster som kunne nyttast for å samanlikne kvinnene. Utgangspunktet til kvinnene er vist gjennom familiens sosiale og økonomiske bakgrunn. Barndommen, livet før giftemål og livet etter giftemål var viktige fasar i livet, og analysekapitla er difor delt inn etter dette. Resultata viste at utgangspunktet til kvinnene påverka liva deira, men utslaga var ikkje så store som ein kanskje skulle tru. I dei første leveåra ser det ut til at det først og fremst var smittsame sjukdommar som avgjorde om dei overlevde barndommen. Dødelegheita var størst blant gardbrukardøtrene og dei som var fødde utanfor ekteskap. I samband med utvandring som barn var det flest gardbrukarfamiliar som drog, medan mødrene til nokre av dei som var fødde utanfor ekteskap og arbeidarane flytta til andre stader i landet. I konfirmasjonsresultata såg det ikkje ut til å vere skilnader mellom jentenes utgangspunkt og dei resultata dei fekk. Det såg ut at skilnadene minka, og at resultata var ein strategi for dei jentene med eit dårleg utgangspunkt til å klare seg. Strategiane kvinnene valde då dei var gamle nok til å ta eigne val, gjaldt i hovudsak å flytte frå bygda. I giftarmåla vart døtrer av husmenn seinare gifte enn gardbrukardøtrer, sjølv om skilnadene var små. I talet på barnefødslar fekk kvinnene i utvalet færre barn enn mødrene deira. Av dei tolv som vart buande på Gol, var det to ugifte og dei andre var gifte. Det store fleirtalet var gardbrukardøtrer. Alt i alt var det små skilnader mellom dei ulike gruppene i utvalet og det kan sjå ut til at kvinnene tok val i livet som var med på å gje dei andre utsikter enn det foreldra deira hadde hatt.en_GB
dc.description.abstractThe aim of this Master’s Thesis has been to discuss this main question: “What prospects did girls born in the parish of Gol in the late 1800’s have?”. Sub-questions were: “What strategies did women born in 1874 and 1875 employ to make a good life for themselves?”, and “What predisposition did the different women have?”. The research was limited to sixty women born in Gol. By following the lives of these women the decisions they made to make a better life for themselves could be examined. To answer these questions, the method of choice was a life cycle study. This method utilises a micro perspective where the individual is the focus point. The context of society, which influences the decisions these women make in life, makes the relationship between the micro- and the macro perspective interesting. Therefore, relevant literature concerning society in the late 1800’s and early 1900’s is used to gain a contextual perspective of the girl’s childhood. The information was gathered in a database and used in an analysis to find a pattern for comparing the women. The social and economic status lays the foundation of these women’s lives. Childhood and life before and after marriage were important phases in life, and the chapters in the analysis section is therefore divided into these phases. The results show that the predisposition of these women affected their lives, but to a lesser degree than anticipated. In the first years of their lives it was primarily infectious deceases that decided if they survived childhood. The highest mortality rate occurred among the daughters of farmers and those born outside of wedlock. Those who emigrated with their families were mostly farmers, while the mothers of some of the girls born outside of wedlock and the families of workers moved to other parts of Norway. There did not appear to be any correlation between the women’s predisposition in life and how well they performed at the confirmation. The differences seemed less between the different groups, which would indicate a strategy to perform well at confirmation for those who were less fortunate in life. The main strategy chosen by the women when they came of age was to move from the village. Daughters of crofters married later than daughters of farmers, even though the differences were small. The women in the selection had fewer children than their mothers. Of the twelve that stayed in Gol, which were mostly daughters of farmers, only two did not marry. All in all, there were few differences between the different groups in the selection. It would seem that the choices the women made in life afforded them more possibilities than their parents might have had.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherBergen University Collegeen_GB
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/3.0/no/*
dc.subject.otherSamfunnsdidaktikken_GB
dc.titleKvinners livsløp. Eit livsløpsstudium av seksti kvinner fødd i 1874 og 1875 i bygda Golen_GB
dc.title.alternativeWomen`s life cycle. A life cycle study of sixty women born in 1874 and 1875 in the village of Golen_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway