Skolebasert lærarutdanning i Bergen: Eit lærarutdanningsprosjekt i partnarskap mellom Høgskolen i Bergen og Bergen kommune
Book
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2481626Utgivelsesdato
2015-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Eit av dei mest omdiskuterte spørsmåla i lærarutdanninga er forholdet mellom høgskoleutdanning og praksisopplæring, ofte omtalt som teori og praksis. Kva rolle og status skal desse ha i forhold til kvarandre, og korleis kan dei best støtte kvarandre og vere til hjelp for kvarandre når lærarstudenten skal utvikle yrkeskompetansen sin? I og med at lærarutdanninga er ei eiga utdanning, og rekrutteringa av lærarutdannarar i høg grad skjer blant personar med forskingskompetanse innanfor akademiske fag, har det lenge funnest sterke strukturelle krefter som trekkjer i retning av ei sjølvstendiggjering av høgskoleutdanninga og avstand til praksisfeltet. For tilsette i skolen har lærarutdanninga lenge blitt sett på som livsfjern. Også NOKUT-‐evalueringa frå 2006 fann at skole og lærarutdanning fungerer innanfor to ulike krinsløp. No har det rettnok i dei seinare åra blitt etablert forskingsprogram og forskarutdanning som er innretta mot lærarutdanning og skole, så ei rørsle i motsett retning er i gang, men det er litt tidleg å seie i kva grad denne vil hjelpe til med i høgare grad å gjere utdanning av gode lærarar til eit fellesprosjekt for høgskole / universitet og skole. Tanken med Skolebasert allmennlærarutdanning (SALU) var å prøve ut eit slikt fellesprosjekt. Prosjektet arbeidde ut ein eigen studieplan for allmennlærarutdanninga i eit tett partnarsamarbeid mellom høgskolen og to skolar. Vi ville integrere den viktige kompetansen skolen har i større grad enn den ordinære allmennlærarutdanninga gjorde. Det er nødvendig for ei god lærarutdanning at høgskole og skole gjennomfører eit likeverdig samarbeid, basert på kunnskap om og respekt for kvarandre, innretta mot studentane si kompetansebygging. I denne rapporten har eg dokumentert og prøvt å summere opp ein del av erfaringane. Eg har nok også gitt uttrykk for nokre synspunkt. Prosjektet var ikkje i seg sjølv eit forskingsprosjekt, og denne rapporten er ingen vitskapleg evalueringsrapport. Eg som skriv, var prosjektleiar og involvert i prosjektet frå start til slutt. Denne posisjonen fargar nødvendigvis framstillinga. Men samtidig er det slik at sidan eg kjenner prosjektet godt, kan eg få fram andre sider enn ein som kjem utanfrå med sine meir generelle problemstillingar. Eg vonar at erfaringar og synspunkt som her kjem fram, er verd å ta med i diskusjonen om lærarutdanning. Dette gjeld ikkje minst studentstemmene, som får vere svært tydelege gjennom mange og til dels lange intervjusitat. Det var mange som la stor innsats inn i prosjektet, og som hadde tru på at denne vegen som vi gjekk, hadde ei god retning. Alle desse vere hermed takka for godt arbeid. Eg vil også takke studentane, for deira engasjement undervegs, og for at dei etter at dei tre åra vel var omme, villig tok av fritida si og let seg intervjue. Og som alle fortalde at dei trekvart år i etterkant var vel fornøgde med å ha gått i SALU-‐klassen. Prosjektet er meldt til personvernombodet for forsking (prosjektnr: 39029). Personvernombodet vurderer det slik at “prosjektet er unntatt meldeplikt etter personopplysningsforskriften § 7-‐20, da det defineres som kvalitetssikring for universitets-‐ og høyskolesektoren.”
Beskrivelse
Utgivelse i Høgskolen i Bergen sin skriftserie.