Show simple item record

dc.contributor.authorHerstad, Maren Skogseid
dc.date.accessioned2018-02-01T14:55:03Z
dc.date.available2018-02-01T14:55:03Z
dc.date.issued2015-05-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481555
dc.descriptionMasteroppgave i samfunnsfagdidaktikken_GB
dc.description.abstractPå 1700-talet dreiv hardingane omfattande handel i Bergen og Stavanger. Tidlegare hadde dei som budde i ytre strok av regionen hatt tett kontakt med skotske trelastkjøparar, men også etter at skotteskipa slutta koma var det stor etterspurnad etter trelast, no også frå dei indre områda i Hardanger. I dei indre stroka av Hardanger gjekk elles handelen helst austover Hardangervidda. I dette området selde dei hestar i Telemark og varehandelen strakk seg vidare austover mot Kongsberg, Drammen og Kristiania. Med seg hadde hardingane bondevarer, fedrifter, hestar og ikkje minst talg. I denne masteroppgåva har eg svart på problemstillinga: Kva dreiv hardingane til å drive handel over slike lange avstandar? Eg har testa funna mine på tre ulike teoriar som gjev seg ut på å forklara kvifor bønder frå 1600-talet og fram mot slutten av 1800-talet, produserte som dei gjorde. Den første er Alexander Chayanov sin teori om «arbeid- forbruk balansen», slik den er forma for norske tilhøve av Øyvind Østerud. Den neste er teorien til Kåre Lunden om at bøndene handla innanfor rammene av ein «kommandoøkonomi». Den tredje og siste er Stein Tveite sin teori om at bøndene produserte «det som svarte seg best». Det er ikkje mogleg i kvantifisere all handel som hardingane dreiv med. Til det er samtidskjeldene for spinkle. Ei handelsvare har det derimot vore mogleg å kvantifisere. Det er talgen som vart levert til smørjing av maskiner og lys i gruvene ved Kongsberg Sølvverk. Rekneskapen til materialhuset og bergkasserekneskapen viser at hardingar leverte talg på Kongsberg minst 1327 gongar mellom 1714 og 1794, og at dei då hadde med seg ikkje mindre enn 700 tonn talg. I dei 55 åra vi har informasjon om betaling, fekk dei med seg minst 66 000 riksdalar tilbake til Hardanger. Mesteparten av desse pengane gjekk til gardane langs Sørfjorden. Eit utval av dødsbuskifte viser då også at mange av gardbrukarane i området sat svært godt i det, dels som eit resultat av talghandelen, dels som ei følgje av anna handelsverksemd. Dei store formuane til mange av bøndene i dette området viser at dei må ha drive handel langt utover det å tilfredsstilla dei daglege behova eller dei skattane som styresmaktene la på dei. Dermed passar verken arbeid-forbruk teorien til Chayanov/Østerud eller kommandoøkonomien til Lunden. Funna mine peiker på at det er Tveite sin teori som best kan forklare hardingane sin handelsaktivitet med sølvverket. Omfanget av talghandelen synar at hardingane spesialiserte seg innan denne næringa. Men Tveite forklarar ikkje sjølve motiva bak spesialiseringa og den intense handelen. Den meiner eg å ha funne i jakta på staus i lokalsamfunnet. I denne jakta nytta dei seg av «det som svarte seg best», gjennom talghandelen og vanleg varehandel. Mine slutningar kan likevel ikkje utan vidare overførast til alle norske bondesamfunn på denne tida. Det er heller ikkje sikkert dei gjeld alle hushald i Hardanger sidan ikkje alle dreiv med den same utstakte handelen som dei eg har undersøkten_GB
dc.description.abstract“Trading entrepreneurs” is a good description of peasant merchants from Hardanger durig the 18th century. In addition to trading timber with merchants from Scotland, they actively used markets in Bergen, Stavanger, Kongsberg, Drammen and Kristiania. One of their most important commodities was tallow. As tallow was used as the primary light source in mines at the time, the Kongsberg Silver Works represented an important trading partner. In my Masters’ Thesis I answer the following question: Why did peasants from Hardanger choose to involve themselves in long distance trade, and what was their motivation? In order to answer these questions, I have used three economic theories, respectively Alexander Chayanov and Øyvind Østerud’s “consumption-labor-balance” principle, Kåre Lunden’s “Command economy” and a theory of “market economy” formulated by Stein Tveite. It is not possible to quantify all trading activities done by the merchants from Hardanger during the 1700s. However, the trading of tallow is an exception. According to the accounts of The Kongsberg Silver Works peasant from Hardanger delivered tallow at least 1327 times and provided a minimum of 700 tons of tallow to the silver works between 1714 and 1794. For this they received at least 66 000 riksdalar in the 55 years in which their payment has been recorded. The intensity of this and other trade indicates that they did not operate within a “consumption-labor-balance” principle, nor were they part of a “Command economy”. I've found that Tveite and his market theory best matches the peasant trading patterns in Hardanger. The profit they earned through the tallow trade gave them a high level of status in their communities. Most likely, this was their main goal and the reason they choose to travel over so long distances. It is, however, important to keep in mind that my findings are not transferable to all peasant societies in Norway at the time, or even to the whole of Hardanger.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherHøgskolen i Bergen/Bergen University Collegeen_GB
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0/no/*
dc.subject.otherbondeøkonomien_GB
dc.subject.otherHardangeren_GB
dc.titleMed kløv over fjellet. Drivkrefter i bondeøkonomien i Hardanger på 1700-taleten_GB
dc.title.alternativeCargo Across the Mountains. Economic Theories and Peasant Economy in 18th Century Hardangeren_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway