Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSchwarz, Marius
dc.date.accessioned2018-02-01T14:54:56Z
dc.date.available2018-02-01T14:54:56Z
dc.date.issued2015-05-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481537
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikken_GB
dc.description.abstractDenne masteroppgåva skildrar kva som kjenneteiknar relasjonen mellom lærar og elev på Kyrre skole, ein vidaregåande skule i Bergen for elevar med psykiske vanskar. Eg har brukt kvalitative semistrukturerte intervju for å svare på problemstillinga. Informantane mine er ein representant for leiinga, fire lærarar og to elevar ved skulen. Eg har teke utgangspunkt i ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming for å analysere datamaterialet frå intervjua og har, inspirert av Rudolf Künzli sitt Didaktik-triangel, laga kategoriar som skildrar relasjonen mellom lærar og elev og skulekvardagen på Kyrre. Skulen har 110 elevar frå 16 år og opp til slutten av 20-åra. 2/3 av elevane er jenter og 1/3 er gutar. På grunn av elevane sine psykiske vanskar er det mange ting i skulekvardagen som er utfordrande for dei, og på Kyrre får kvar enkelt elev tilrettelagt utdanningsløpet etter sine behov. Dei får tilrettelagt undervisning, vurderingssituasjonar og fag, og det overordna målet til skulen og lærarane er at elevane skal klare å fullføre vidaregåande skule trass sine psykiske vanskar. For lærarane er det generelt utfordrande å arbeide med psykisk sjuke elevar. Dei må heile tida balansere mellom å følgje forskrifter og reglar i læreplanen og samstundes ta omsyn til elevane og deira vanskar. Elevfråværet på skulen er høgt, og dette gjer det utfordrande for lærarane å halde kontinuiteten i nokre fag. Det som kjenneteiknar relasjonen mellom lærar og elev på Kyrre skole er humor, tillit, tryggleik, tett kontakt, elevstyring, høg grad av tilrettelegging, justerte forventingar, noko konflikt, grensesetjing, og at lærarane spør spørsmål. Tittelen på oppgåva refererer til korleis lærarane spør elevane spørsmål for å hjelpe dei. Relasjonen vert skildra som positiv av både lærarar og elevar.en_GB
dc.description.abstractThis master thesis describes the characteristics of the relation between teacher and student at Kyrre school, an upper secondary school in Bergen for students with mental health problems. I have used qualitative, semi-structured interviews to answer the research question. My interview objects are: one representative from the administration, four teachers and two students at the school. I have used a phenomenological-hermeneutic approach as a starting point to analyze the data from the interviews and, inspired by Rudolf Künzli's Didaktik-triangle, I have made categories that describe the relation between teacher and student and the daily school life at Kyrre. The school has 110 students from the age of 16 up until the late 20s. 2/3 of the students are girls and 1/3 boys. Because of the students' mental health problems, there are a lot of things in daily school life that are challenging for them, and at Kyrre every student gets his or her education customized according to their needs. They receive customized teaching, assessment situations and subjects, and the main objective of the school and the teachers is that the students complete upper secondary school despite their mental health problems. For the teachers it is in general challenging to work with mentally ill students. They must constantly balance between following regulations and rules in the curriculum and at the same time consider the students and their difficulties. Student absence in the school is high, and this makes it challenging for the teachers to keep the continuity in some subjects. The characteristics that describe the relation between teacher and student at Kyrre school are humour, trust, security, close contact, student management, a high degree of customization, adjusted expectations, setting boundaries, some conflict and the teachers asking questions. The title of the thesis refers to how teachers ask students questions to help them. The relation is described as positive by teachers and students.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherBergen University Collegeen_GB
dc.title"Kva treng du? Kva kan eg gjere?" Ein analyse av relasjonen mellom lærar og elev på Kyrre skoleen_GB
dc.title.alternative"What do you need? What can I do?" An analysis of the teacher-student-relationship at Kyrre schoolen_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel