Skjøtselsplan for kulturlandskapet på Molde, Lærdal kommune
Abstract
Langs bergfoten på Molde i Lærdal ligg eit samanhengjande område med store og varierte kulturlandskapsverdiar. Her finn ein spor etter langvarig hausting av naturressursane, både gjennom slått, husdyrbeite, lauvsank, emne- og nøttesank. Som eit resultat av denne aktiviteten har ein fått utforma ein mosaikk av semi-naturleg vegetasjon som slåttemarker, naturbeitemarker, hagemarker og haustingsskog.
Utmarka på Molde er delt inn i 8 ulike restaurerings- og skjøtselsområde. For kvart av områda er det gitt ein del historisk informasjon, dagens tilstand og mål for skjøtselsarbeidet er skildra og aktuelle skjøtsels- og restaureringstiltak er føreslegne.