Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTollefsen, Anne Lise
dc.date.accessioned2017-09-01T08:50:39Z
dc.date.available2017-09-01T08:50:39Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2452701
dc.description.abstractForskingspørsmåla som vert handsama i denne masteroppgåva har sett nærare på korleis ein kan utvikle undervisningspraksis med fokus på idéutvikling. Undersøkinga er gjort i samband med undervisning av lærlingar, ved kjole og draktsyarlinja ved ein vidaregåande skule. Med bakgrunn i meisterlæra og undervisningsmetodar som vektlegg individuell kreativ problemløysing, har undersøkinga hatt som mål å fremja eleven sitt kreative potensiale gjennom materialdialog og samhandling. I dette høve har eg undersøkt undervisningsmetode som har fokus på improvisasjon og kollektive estetiske læreprosessar. Forskinga er knytt opp mot kvalitativ metode, inspirert av didaktisk designforsking. I drøftinga vil eg freista å kopla teori og empiri, for å belysa følgjande problemstilling: ”Korleis kan utprøving av teiknemetode og interaksjon, inspirera eleven til idéutvikling og estetisk utforsking i kjole og draktsyarfaget?” Forskingspørsmåla har vore med på å utvikle og evaluere undervisningsmetode som vektlegg kreativitet og dialogen med tekstilmaterialet gjennom heile prosessen, frå idéutvikling til ferdig produkt. I dette høve har eg sett nærare på korleis interaksjonen kan påverke den kreative prosessen og eleven si idéutvikling. Det empiriske materiale er henta frå observasjon, semistrukturert forskingsintervju, evalueringskjema og fotologg. Resultata frå dei ulike utprøvingane syner samanheng mellom undervisningsmetode og eleven si idéutvikling. Gjennom masterprosessen fann eg at vektlegging av materialar som inspirasjonskjelde og improvisasjonselement, medførte at elevane skapte nye idear til tekstile objekt. Desse hadde eit utrykk som eleven kanskje ikkje ville ha klart å teikne som idéskisse, men som dei meistra med materialutforsking. I dette høve kjende elevane seg kreative, og dei opplevde eigarskap til produkta dei hadde laga. I to case der elevane samhandla ved å rullere på å skapa fleire tekstile objekt, fann elevane desse produkta som rikare og av betre estetisk kvalitet, enn produkta som dei laga individuelt. Gjennom materialdialog og interaksjon, skapte elevane originale tekstile objekt. Elevane opplevde arbeidsmåtane som aktuell, og som ein pådrivar for nye skapande prosessar. I denne samanheng fann eg at det kan vera viktig å balanserar den kreative problemløysinga mellom individuelle og fellesskapsretta arbeidsprosessar. Ludvigsen-­utvalet (NOU 2015:8) peikar på at elevane treng kompetanse i å utforska, samhandla, og å skapa. Dette masterbidrag har sett på moglegheiter for at slik kompetanse kan utviklast ved kjole og draktsyarlinja.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.titleTilbakeblikk framovernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel