Rettskriving i skriftkulturen – ulike perspektiv i Noreg og på Island.
Original version
I J. R. Andersen, E. Bjørhusdal, J. G. Nesse & T. Årethun (Red.), Immateriell kapital. Fjordantologien 2017 (s. 131-145). Oslo: Universitetsforlaget. 10.18261/9788215028163-2017-07Abstract
Artikkelen refererer til ein komparativ studie av rettskrivingskulturen i dei to landa, med tre tilnærmingsmåtar: gjennomgang av relevante læreplanar i Noreg og på Island, kvalitative intervju med eit utval lærarar om kva vekt dei legg på rettskriving, dessutan ei kvantitativ registrering av feilfrekvens og feiltypar i seks skular i dei to landa, til saman 201 tekstar frå 10. klasse. Studien viser ein tendens mot at rettskriving er prioritert i langt større grad på Island enn i Noreg. Den islandske læreplanen har ei langt sterkare vektlegging av rettskriving enn den norske. I tillegg bruker dei islandske lærarane som er intervjua mykje meir tid på rettskriving i undervisninga enn dei norske lærarane. Feilregistreringa viser også at dei norske elevane har langt fleire feil enn dei islandske elevane.