Strategiar for språkleg velferd
Original version
I J. Amdam, R. Bergem & F. O. Båtevik (Red.), Offentleg sektor i endring: Fjordantologien 2016 (s. 97-113). 10.18261/9788215027722-2016-08Abstract
Kapittelet handlar om norsk språkforvaltning, det vil seie offentleg styring av nynorsk- og bokmålsbruk. Føremålet er å sjå sentrale språkpolitiske omgrep og ordningar i eit velferdsteoretisk perspektiv, og eit vesentleg spørsmål er om argumenta for og mot velferdsuniversalisme og målstyring kan brukast på same måten i språkpolitikk som i annan velferdspolitikk. Universalmodellen kan vere tilstrekkeleg på det økonomiske feltet, der velferdsrettane tek sikte på å sikre det utsette individet. Men språk er eit gruppefenomen. Ein kan dermed spørje seg om språklege velferdsrettar òg må ta sikte på å sikre det utsette språkkollektivet, og om språkpolitisk gruppedifferensiering kan vere ein strategi for å sikre språkleg velferd for språksamfunn i mindretal.