Lærarkompetanse og skuleresultat: Metoden bak resultata
Abstract
l forskingsprosjektet Lærande regionar - Lærarkompetanse og skuleresultat såg vi på om klassestorleik samt lærarens erfaring og utdanning imatematikk har betydning for elevane sine prestasjonar imatematikk målt ved avgangseksamen i 10. klasse. Eit spørjeskjema vart sendt til alle skular ifylka Aust-Agder, Oppland, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane. l tillegg har vi offentleg tilgjengelege data frå skoleporten.no som vi blant anna har nytta til å vurdere kvaliteten på dataa frå denne spørjeundersøkinga. Her gjer vi greie for detaljane ivurderingane og analysane som ligg bak konklusjonane som er publiserte iantologien Skolens kvalitet skapes lokalt (Langfeldt, 2015). Vi finn negativ effekt av klassestorleiken (store klassar er negativt) og relativt sterk effekt av lærarens studiepoeng i matematikk. Derimot ser vi ingen effekt av lærarens erfaring.