Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHotle, Susann
dc.date.accessioned2017-06-16T07:21:29Z
dc.date.available2017-06-16T07:21:29Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446162
dc.description.abstractMålet med dette forskingsarbeidet var å undersøkje korleis formålsaspektet ved skriving vart behandla i skriveoppgåver i lærebøker for norskfaget på ungdomstrinnet. Skrivetrekanten peikar på at skriving kan bestå av tre aspekt: innhald, form og formål. Innhald handlar om at skrivinga må handle om noko, ein må ha noko å skrive om. Vidare har skrivinga ein form, ein skriv til dømes i ulike sjangrar. Det siste aspektet er formålsaspektet, som seier oss at skrivinga må ha ei meining. Det er ofte ein eller fleire grunnar til at vi skriv, og det er dette eg har sett nærare på. Korleis blir dette formålsaspektet behandla i skriveoppgåver i lærebøker? For å finne svar på dette vart det gjennomført ein kvalitativ dokumentanalyse. I dokumentanalysen vart det lagt vekt på fire hovudpunkt. Fyrste punkt i analysen handla om å sjå nærare på kva skriveformål som vart formulert i skriveoppgåvene, med utgangspunkt i dei skriveformåla som blir skildra i skrivehjulet. Andre punkt i analysen såg på kva type skriveoppgåver som fanst i lærebøkene. Dei to siste punkta handla om føringar knytt til innhald og form på skrivinga som blir bestilt gjennom skriveoppgåvene. Resultata mine peikar i retning av at skriveformålet ikkje alltid er tydeleg formulert i oppgåveteksten i dei ulike skriveoppgåvene. Ut i frå dette kan ein tenkje seg at læraren spelar ei viktig rolle i møte med skriveoppgåvene som ein finn i lærebøker. Det kom også fram at det er nokre skriveformål som går att i mange av skriveoppgåvene i lærebøkene, mellom anna kunnskapsutvikling. Vidare såg ein at det var ein type skriveoppgåver som gjekk att, nemleg dokumentasjonsoppgåver. Desse hadde ofte kunnskapsutvikling som skriveformål. Ein såg også at både innhald og form hadde tette band mot skriveformålet i skriveoppgåvene. Innhald og form påverka og gav informasjon om skriveformålet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleFormålsaspektet i skriveoppgåver i lærebøker.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel