Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØvregård, Signe
dc.date.accessioned2017-06-16T06:55:00Z
dc.date.available2017-06-16T06:55:00Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446154
dc.description.abstractInnsats i kroppsøving har lenge vore eit omdiskutert tema. Då kunnskapsløftet vart innført i 2006 skulle ikkje innsats lenger vera ein del av vurderingsgrunnlaget i kroppsøving. Etter mange reaksjonar kom Utdanningsdirektoratet i 2012 med ei revidering av læreplanen i kroppsøving, der innsats vart teke inn att som eitt av kriteria i vurderinga. Problemstillinga for denne studien er Korleis forstår elevar og lærarar innsats i kroppsøving? og Kva dimensjonar meiner elevar på 10. steg og lærarane deira er viktige når innsats skal vurderast? Teorigrunnlaget for oppgåva tek utgangspunkt i forskrift til Opplæringslova og læreplanverket Kunnskapsløftet, og kva desse seier om innsats. I tillegg er rundskriv udir-8- 2012 sin definisjon av innsats sentral i denne oppgåva. Metoden som er nytta er kvantitativ, i form av spørjeskjema. Utvalet består av 62 elevar på 10. trinn på ein skule på Vestlandet, og lærarane som underviser i kroppsøving på dette trinnet. Resultata viser at dei tre dimensjonane elevane trur er viktigast er ”oppmøte”, ”ikkje gje opp sjølv om oppgåva kjennest uoppnåeleg” og ”gjer så godt ein kan”. Lærarane er samde om at ”holdning, positivt engasjement” er ein viktig innsatsdimensjon. Elles viser lærarresultata at dei ikkje har ei felles forståing av innsatsomgrepet. Eit interessant funn er at over ¾ av elevane trur innsatsen tel meir på kroppsøvingskarakteren (mellom 41-100 %) enn det lærarane deira oppgjev (21-40 %). Alle klassane er relativt samde i si forståing av innsats, medan lærarane er meir splitta. Dette indikerer at lærarane har ei subjektiv oppfatning av kva innsats i kroppsøving er, medan elevane har ei forståing uavhengig av læraren sin. Konklusjonen til denne studien er at den samla elevgruppa har ei felles innsatsforståing, og at denne til tider samsvarer lite med det lærarane deira rapporterer. Lærarane er delvis samde, og dei har forståingar som delvis følgjer rundskrivet, men som også til tider bryt både med rundskrivet og formuleringar i Opplæringslova (§ 3-3). For å minimera variasjonen i vurderingspraksisen kan lærarane med føremon ha ein felles gjennomgang av rundskriv udir- 8-2012. Då klassane har ei innsatsforståing som er ulik det den respektive læraren har, syner dette at det læraren legg i innsatsomgrepet og –vurderinga kan kommuniserast tydelegare til elevane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKorleis forstår elevar og lærarane deira innsats i kroppsøving?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel