dc.description.abstract | I denne oppgåva vil eg skrive om mobbing i barnehagen. Eg har vald temaet fordi er ynskjer å sjå om dei tilsette er bevisst på at det er tilfeller av mobbing i barnehagen og om det vert arbeida aktivt for å førebyggje mobbing. Rammeplanen for innhaldet og oppgåvene til barnehagen (2011) understrekar dette ved å seie at «Barnehagen skal fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald» (23). Mobbing har alltid vert eit aktuelt tema, men det er først i dei seinare åra at det i forking og litteratur er fokusert på mobbing heilt ned i barnehagealder. Dette er eit tema som er viktig å ta tidleg tak i for å førebygge og for å handtere, dette ville eg sjå om var tilfelle barnehagane. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2011) påpeiker dette då dei skriv «Ei av samfunnsoppgåvene til barnehagen er å førebyggje diskriminering og mobbing på eit tidleg stadium» (s. 8). Ut frå dette har eg vald problemstillinga: Korleis kan vi førebyggje mobbing blant dei eldste barna i barnehagen? Mobbing er eit veldig omfattande tema. Eg har derfor vald å ha hovud fokus på dei eldste barna. Eg har også vald å sjå dette frå dei vaksne i barnehagen sitt perspektiv, ved å intervjua pedagogisk leiarar og styrar. | nb_NO |