Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBakke, Anne Glimsdal
dc.contributor.authorFlikki, Stine Mari
dc.date.accessioned2017-02-13T13:25:32Z
dc.date.available2017-02-13T13:25:32Z
dc.date.issued2015-05
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2430597
dc.descriptionMAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning Mai 2015nb_NO
dc.description.abstractLesing som grunnleggande ferdigheit vart innført med Kunnskapsløftet i 2006, som ei av fem ferdigheiter alle lærarar skal arbeide med å utvikle, i alle fag. Tidlegare forsking har vist at arbeidet med lesing som grunnleggande ferdigheit i stor grad framleis blir oppfatta som ein norskfagleg aktivitet, både av lærarar (Hertzberg, 2010) og av elevar (Skjelbred & Aamotsbakken, 2010), samt at arbeidet med lesing i den norske skulen i stor grad ser ut til å vere implisitt (Andreassen & Bråten, 2010). Med denne masteroppgåva ynskjer vi å sette lys på korleis arbeidet med lesing som grunnleggande ferdigheit blir integrert i undervisinga i faga norsk, matematikk og naturfag. Vi har intervjua og observert ni lærarar i 4.–7. klasse på til saman tre skular, og slik fått tre representantar frå kvart fag. Intervjua og observasjonane var kvalitative, og vi har nytta ein semistrukturert intervjuguide og eit observasjonsskjema. Informert samtykke vart sikra både gjennom informasjonsskriv til rektor og lærarar, og dessutan innleiingsvis i kvart intervju. I arbeidet med oppgåva har vi valt å knyte lesing opp mot arbeid med leseforståing, lesestrategiar, lesemotivasjon og metakognisjon. Vi har ikkje hatt som mål å samanlikne eller vurdere informantane sin praksis, men undersøkje korleis arbeid med lesing i ulike fag kan gjennomførast. Funna våre tyder på at arbeidet med lesing i stor grad er implisitt, men at eksplisitt arbeid førekjem. Vi såg også funn som tyder på at ein del av informantane knyter arbeid med lesing som grunnleggande ferdigheit til eksplisitt strategiarbeid, sjølv om dette ikkje nødvendigvis er ein del av den daglege praksisen deira. Norsklærarane såg ut til å både ta og få eit overordna ansvar for arbeid med lesing i skulen. I naturfag såg det ut til at det er ulike oppfatningar om det er dei praktiske forsøka eller fagtekstane som bør stå i fokus og styre opplæringa i faget, og dermed var det også ulikt i kva grad og korleis naturfaglærarane jobba med lesing. Matematikklærarane såg ut til å oppfatte arbeid med lesing i faget hovudsakleg som arbeid med tekstoppgåver og matematisk språk, medan multimodale tekstar fekk lite fokus. Av dei fire deltemaa våre kan det verke som om metakognisjon fekk mindre merksemd enn dei tre andre, medan leseforståing såg ut til å bli oppfatta som svært viktig. Vi meiner at undersøkinga våre har gjeve oss relevante svar på problemstillinga vår, og at funna våre kan bidra til å kaste lys over arbeidet som vert gjort med lesing som grunnleggande ferdigheit i skulekvardagen. Samtidig er det viktig å presisere at dataa våre ikkje gjev grunnlag for generaliseringar, og at andre metodar, informantar og framgangsmåtar kunne ha gjeve andre funn og resultat.
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectLesingnb_NO
dc.subjectGrunnleggande ferdigheiternb_NO
dc.subjectLeseforståingnb_NO
dc.subjectLesestrategiarnb_NO
dc.subjectLesemotivasjonnb_NO
dc.subjectMetakognisjonnb_NO
dc.titleLesing for livslang læring: Arbeid med lesing som ei grunnleggande ferdigheit i norsk, naturfag og matematikknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber113nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel