Er det korrelasjonar mellom muskeleigenskapar, muskelstyrke og spenst hos utrena kvinner?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2429702Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hensikta med studien var å sjå etter korrelasjonar mellom ulike muskeleigenskapar og spenst og styrke, samt sjå etter korrelasjonar mellom spenst og styrke.
Studiet var eit tverrsnittstudie der kvantitative målemetodar vart brukt. Totalt vart 50 kvinnelege deltakarar testa i CMJ, 1RM beinpress, høgd, kroppssamansetting, muskeltverrsnitt på VL og VI og pennasjonsvinkel på VI. Ut i frå 1 RM testen fekk vi også data om relativ muskelstyrke og kroppsanalysen gav data om relativ muskulatur i bein. Data vart henta inn over ein periode på åtte dagar.
Vi fant signifikant svak negativ korrelasjon mellom muskelmasse i bein og spenst (r=-0.27), ein signifikant sterk positiv korrelasjon mellom relativ muskelmasse i bein og spenst (r=0.55 og ein signifikant svak negativ korrelasjon mellom muskeltjukkleik og spenst (r=-0.31). Det blei ikkje funne noko signifikant korrelasjon mellom pennasjonsvinkel og spenst (r=0.20), eller muskeleigenskapar og 1 RM i beinpress (r=0.06-0.84).
Konklusjon: Det var signifikant korrelasjon mellom absolutt og relativ muskelmasse i bein og spenst, absolutt muskeltjukkleik i bein og spenst, samt mellom muskelstyrke og spenst. Resultata viste inga signifikant korrelasjon mellom relativ muskeltjukkleik, pennasjonsvinkel og spenst eller mellom absolutt eller relative muskeleigenskapar og styrke.
Beskrivelse
Bachelor i Idrett, fysisk aktivitet og helse ID3-302 Desember 2016