Ny kunnskap i kommunane
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2400050Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hovudtemaet i oppgåva er kommunane si oppfølging av kunnskapskrava i samhandlingsreforma. Korleis førebur kommunane seg på å implementere omgåande hjelp-post-kravet (ØH-kravet) i samhandlingsreforma i forhold til kompetanseheving? Det er gjort ei kvantitativ undersøking med ein tverrsnittstudie. Undersøkinga er gjort i fylka Akershus, Oppland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Respondentane har formelle roller som kommunalsjef eller helse- og omsorgssjef. Utvalet til analysen består av 41 kommunar.
Funna frå undersøkinga er presentert i eige analysekapittel. Analysen er til slutt drøfta i høve teori om iverksetting.
Undersøkinga er gjennomført våren 2015.
Funna tyder på at kommunane har komme langt på veg med iverksettinga av ei utfordrande og krevjande reform – ei reform med mange krav og utfordringar/omveltingar for kommunane.
Fleirtalet av respondentane gir utrykk for at det er utfordrande og krevjande å sette i gang reformkrava. Men kommunane har kontroll på kompetansen som trengst, og er godt førebudde på å sette i gang ein omgåande hjelp-post, uavhengig av geografisk plassering, økonomi og storleik.
Beskrivelse
MR690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing