«Hjarterehabiliteringsprosjektet»: Samarbeid om lærings- og meistringstilbod i pasientforløp mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta for hjartepasientar: Evalueringsrapport
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2399845Utgivelsesdato
2016-08-18Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med Hjarterehabiliteringsprosjektet var å greie ut, utvikle og etablere likeverdige
tenester for hjartepasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Resultatmåla
var å etablere likeverdige tenester og eit saumlaust pasientforløp for hjartepasientar i
Helse Fonna, og at deltakarne skulle oppleve betre helse og meistring.
To pasientforløp vart prøvd ut i prosjektet. I delprosjektet «Sunnhordland og indre
Hardanger» vart det lagt planar om pasientforløp med tilbod om hjartekurs i
spesialisthelsetenesta og trening i kommunane, medan i delprosjektet
«Haugalandet» innehaldt pasientforløpet tilbod om hjartekurs og tidlig trening i
spesialisthelsetenesta og vidare trening i kommunane.
Fokusgruppeintervju vart nytta for å få innsikt i dei ulike aktørane og deltakarane sine
erfaringar med prosjektet, og korleis desse erfaringane samsvarar med dei einskilde
sine behov og prosjektet sine mål. Effekt av tiltaket vart evaluert ved kvantitative
målingar av deltakarar ved start og slutt. For å få kunnskap om dei ulike pasientforløpa
og brukarane sin tilfredsheit med tilbodet, vart deltakarane bedne om å fylle
ut eit spørjeskjema.
Prosjektet synes å ha ført til helsemessig utbyte og auka eigen-meistring av sjukdommen
blant deltakarane. Deltakarane og til dels deira pårørande har fått ny
kunnskap og erfaring med nyttige strategiar for å førebygge ny sjukdom og for å ha
eit så godt liv som mulig med si hjerteliding. Tilbodet vert opplevd som trygt å delta i,
og deltakarane rapporterer høg grad av tilfredsheit. Prosjektet synes også å ha ført til
meir kunnskap om andre relevante tilbod, t.d. fase 3-tilbod. Samtidig viser
evalueringa at det framleis er ein veg å gå før pasientforløpet for hjartepasientane
kan reknast som saumlaust og likeverdig. Det må sikrast betre samarbeid mellom
tenestenivåa, og fastlegen må vere ein av samarbeidspartnarane. Det kjem ikkje
fram om og i kva grad erfaringar blir delt mellom sjukehusområda. Det er mulig det
trengs betre system for felles tenestutvikling på tvers av sjukehusområda.
Prosjektet synes å ha løfta fokuset på oppfølgingstilbod for hjartepasientar. Det kjem
likevel fram i undersøkinga at det er stor ulikheit avhengig av kor ein bur i Helse
Fonna-området kor vidt lærings- og meistringstilbod inngår som ein del av pasientforløpa.
For ein del pasientar har pasientforløpet no god samanheng, men mange
opplever liten grad av samanheng. Funn frå fokusgruppene tyder på at de som bur i
6
nærleiken av Haugesund sjukehus har det klårt beste tilbodet. På den andre sida har
prosjektet har identifisert ressursar og utfordringar som er nyttig for vidare utvikling av
helsetenesta.