Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEk, Christense Eileraas
dc.contributor.authorAgdestein, Tove
dc.contributor.authorBøthun, Sigrid
dc.contributor.authorKvinge, Lars M.
dc.date.accessioned2016-08-18T12:09:20Z
dc.date.available2016-08-18T12:09:20Z
dc.date.issued2016-08-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2399845
dc.description.abstractFøremålet med Hjarterehabiliteringsprosjektet var å greie ut, utvikle og etablere likeverdige tenester for hjartepasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Resultatmåla var å etablere likeverdige tenester og eit saumlaust pasientforløp for hjartepasientar i Helse Fonna, og at deltakarne skulle oppleve betre helse og meistring. To pasientforløp vart prøvd ut i prosjektet. I delprosjektet «Sunnhordland og indre Hardanger» vart det lagt planar om pasientforløp med tilbod om hjartekurs i spesialisthelsetenesta og trening i kommunane, medan i delprosjektet «Haugalandet» innehaldt pasientforløpet tilbod om hjartekurs og tidlig trening i spesialisthelsetenesta og vidare trening i kommunane. Fokusgruppeintervju vart nytta for å få innsikt i dei ulike aktørane og deltakarane sine erfaringar med prosjektet, og korleis desse erfaringane samsvarar med dei einskilde sine behov og prosjektet sine mål. Effekt av tiltaket vart evaluert ved kvantitative målingar av deltakarar ved start og slutt. For å få kunnskap om dei ulike pasientforløpa og brukarane sin tilfredsheit med tilbodet, vart deltakarane bedne om å fylle ut eit spørjeskjema. Prosjektet synes å ha ført til helsemessig utbyte og auka eigen-meistring av sjukdommen blant deltakarane. Deltakarane og til dels deira pårørande har fått ny kunnskap og erfaring med nyttige strategiar for å førebygge ny sjukdom og for å ha eit så godt liv som mulig med si hjerteliding. Tilbodet vert opplevd som trygt å delta i, og deltakarane rapporterer høg grad av tilfredsheit. Prosjektet synes også å ha ført til meir kunnskap om andre relevante tilbod, t.d. fase 3-tilbod. Samtidig viser evalueringa at det framleis er ein veg å gå før pasientforløpet for hjartepasientane kan reknast som saumlaust og likeverdig. Det må sikrast betre samarbeid mellom tenestenivåa, og fastlegen må vere ein av samarbeidspartnarane. Det kjem ikkje fram om og i kva grad erfaringar blir delt mellom sjukehusområda. Det er mulig det trengs betre system for felles tenestutvikling på tvers av sjukehusområda. Prosjektet synes å ha løfta fokuset på oppfølgingstilbod for hjartepasientar. Det kjem likevel fram i undersøkinga at det er stor ulikheit avhengig av kor ein bur i Helse Fonna-området kor vidt lærings- og meistringstilbod inngår som ein del av pasientforløpa. For ein del pasientar har pasientforløpet no god samanheng, men mange opplever liten grad av samanheng. Funn frå fokusgruppene tyder på at de som bur i 6 nærleiken av Haugesund sjukehus har det klårt beste tilbodet. På den andre sida har prosjektet har identifisert ressursar og utfordringar som er nyttig for vidare utvikling av helsetenesta.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.relation.ispartofseriesFOUSAM-rapport;(2016/3)
dc.title«Hjarterehabiliteringsprosjektet»: Samarbeid om lærings- og meistringstilbod i pasientforløp mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta for hjartepasientar: Evalueringsrapportnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel