Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRusten, Anette Beate
dc.date.accessioned2016-08-09T12:22:50Z
dc.date.available2016-08-09T12:22:50Z
dc.date.issued2016-08-09
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2398497
dc.description.abstractIKT vert nytta i stadig større grad i samfunnet vårt, både privat og i yrkeslivet. Skulen har som si viktigaste oppgåve å utdanna elevane, og slik førebu dei for vidare skulegang og arbeidsliv. Myndigheitene stiller derfor høge krav om at IKT skal nyttast på ein heilskapleg måte i skulen. For å nå desse målsetjingane er ein avhengig av gode implemeteringsprosessar av IKT i skulen (Erstad og Hauge, 2011). Problemstillinga i denne oppgåva er: Kva faktorar fører til at lærarar deltek i utviklinga av eigen digital kompetanse? Bakgrunnen for denne studien er teoriar om skuleleiinga sitt ansvar for læring på arbeidsplassen og i kompetanseutvikling i organisasjonen (Ellestrøm, 1997; Irgens, 2010; Senge, 1991), samt teoriar om erfaringar, sjølvtillit og meistring hos individet og i fellesskapet (Bandura, 1994; Ellestrøm, 1997; Gilje; 2008; Tiller, 1999). Oppgåva er basert på ei elektronisk spørjeundersøking blant barne- og ungdomsskulelærarar i Sunnhordland. 144 lærarar svara på spørjeundersøkinga, der ein i tillegg til å svara på faktaspørsmål måtte ta stilling til påstandar om eigen digital kompetanse, erfaringar og haldningar til bruk av IKT, opplæringa i bruk av IKT og deira opplevingar av tilrettelegging for kompetanseutvikling i skulen. Utvalet på 144 respondentar var for lite til å kunna generalisera funna for gjelda alle lærarane i Noreg. Det er likevel enkelte resultat som kan ha ei vidare interesse. Undersøkinga viste på lik linje med funn frå tidlegare undersøkingar at IKT vert nytta i større grad til administrative oppgåver enn til bruk i undervisninga, og at desse funna kunne sjå ut til å ha samanheng med forventningar og krav frå skuleleiinga om korleis IKT skal nyttast. Det var og funn som viste at det er variasjonar i kva digital kompetanse lærarar har og at desse variasjonane kunne sjå ut til å ha samanheng med opplevd meistring, sjølvtillit og tilfredsheit med bruk av IKT, samt opplevd læringsutbytte hos elevane når IKT vert nytta i undervisninga. Desse funna viste at det var lærarar med lengst arbeidserfaring som i minst grad opplevde meistring og sjølvtillit i bruk av IKT. Funna kring lærarane sine opplevingar av skuleleiinga, viste at det var eit engasjement for IKT i skulen, men at mange skular manglar ein IKT-plan og at fleirtalet av lærarane ikkje opplevde at det var ein kontinuerleg dialog kring bruk av IKT i skulen. Dette kan tyda på at skulane i denne studien treng å utarbeida IKT-planar som syner at skuleleiinga har tydelege krav og forventningar om IKT skal nyttast heilskapleg, samt leggja opp til oppfølging av lærarars digitale kompetanse ut frå den samanhengen ein er.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleÅ verta digitalt kompetent – Lærarars deltaking i utviklingsarbeid: Spørjeundersøking blant lærarar i barne- og ungdomsskulen i Sunnhordland.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel