Show simple item record

dc.contributor.authorAlmås, Rebecca
dc.date.accessioned2016-01-14T11:00:57Z
dc.date.available2016-01-14T11:00:57Z
dc.date.issued2016-01-14
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2373765
dc.description.abstractI denne bacheloroppgåva vil eg ta for meg tema knytt til aspirantopplæring og skulekorps. Som dirigent for aspirantar er eg genuint interessert i å undersøkje kva eg kan bidra med for at aspiranttida skal verta ei positiv oppleving for aspirantane. Fråfallsproblematikk i skulekorps og tru på tidleg innsats er nokre av faktorane som har vore styrande i val av problemstilling. I tillegg har eg basert meg på tidlegare forsking som seier at ein dirigent sin kompetanse kan vere avgjerande for at aspiranttida skal verta ein suksess. Problemstilling for denne oppgåva er difor som følgjer: Kva kompetansar opplev aspirantar i skulekorps som viktige hos sin dirigent? Eg har undersøkt problemstillinga ved å foreta 4 fokusgruppeintervju, med 3 aspirantar i kvar. Til saman har eg samla inn data ved å intervjue 12 aspirantar frå 3 ulike skulekorps. Studien er innanfor den kvalitative forskingsmetoden og den vitskapsteoretiske tilnærminga har vore hermeneutisk. I tillegg har eg nytta meg av ei fenomenologisk forståingsramme for å forstå kompetanseomgrepet i relasjon til ein dirigent, ut i frå aspirantane sitt perspektiv. Eg har nytta meg av ein brei definisjon av kompetanseomgrepet og har i tillegg nytta teori av Per Ove Askeland, Hans E. Lysebro og Hans Jacob Tronshaug for å skildre viktige kompetansar for ein dirigent. Denne teorien har eg sett i lys av det Anne Britt Damsgaard skriv om ulike kompetanseområder for lærarar og eg har slik kome fram til 5 kategoriar som til saman utgjer ein dirigent sin kompetanse; fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, yrkesetisk kompetanse og endring- og utviklingskompetanse. Desse 5 kompetanseområda har vorte nytta som linse for å analysere datamaterialet mitt. Under analysen har eg sett tendensar til at aspirantar i skulekorps verdset alle dei 5 kompetanseområda. Særleg ser det ut til at eit kompetanseområde vert verdsett meir enn andre. Desse funna vert gjort greie for og drøfta opp mot relevant litteratur i analyse- og tolkingskapittelet. I oppgåva kjem eg inn på både haldningar, eigenskapar, ferdigheiter og kunnskap aspirantar ser ut til å meine at er viktige for ein dirigent.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectMusikknb_NO
dc.titleBlås vidare!: Ein kvalitativ studie av kva kompetanse aspirantar i eit skulekorps opplev som viktige hos sin dirigent.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record