dc.description.abstract | I denne bacheloroppgåva vil eg ta for meg tema knytt til aspirantopplæring og skulekorps.
Som dirigent for aspirantar er eg genuint interessert i å undersøkje kva eg kan bidra med for at
aspiranttida skal verta ei positiv oppleving for aspirantane. Fråfallsproblematikk i skulekorps
og tru på tidleg innsats er nokre av faktorane som har vore styrande i val av problemstilling. I
tillegg har eg basert meg på tidlegare forsking som seier at ein dirigent sin kompetanse kan
vere avgjerande for at aspiranttida skal verta ein suksess. Problemstilling for denne oppgåva
er difor som følgjer:
Kva kompetansar opplev aspirantar i skulekorps som viktige hos sin dirigent?
Eg har undersøkt problemstillinga ved å foreta 4 fokusgruppeintervju, med 3 aspirantar i kvar.
Til saman har eg samla inn data ved å intervjue 12 aspirantar frå 3 ulike skulekorps. Studien
er innanfor den kvalitative forskingsmetoden og den vitskapsteoretiske tilnærminga har vore
hermeneutisk. I tillegg har eg nytta meg av ei fenomenologisk forståingsramme for å forstå
kompetanseomgrepet i relasjon til ein dirigent, ut i frå aspirantane sitt perspektiv.
Eg har nytta meg av ein brei definisjon av kompetanseomgrepet og har i tillegg nytta teori av
Per Ove Askeland, Hans E. Lysebro og Hans Jacob Tronshaug for å skildre viktige
kompetansar for ein dirigent. Denne teorien har eg sett i lys av det Anne Britt Damsgaard
skriv om ulike kompetanseområder for lærarar og eg har slik kome fram til 5 kategoriar som
til saman utgjer ein dirigent sin kompetanse; fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial
kompetanse, yrkesetisk kompetanse og endring- og utviklingskompetanse. Desse 5
kompetanseområda har vorte nytta som linse for å analysere datamaterialet mitt.
Under analysen har eg sett tendensar til at aspirantar i skulekorps verdset alle dei 5
kompetanseområda. Særleg ser det ut til at eit kompetanseområde vert verdsett meir enn
andre. Desse funna vert gjort greie for og drøfta opp mot relevant litteratur i analyse- og
tolkingskapittelet. I oppgåva kjem eg inn på både haldningar, eigenskapar, ferdigheiter og
kunnskap aspirantar ser ut til å meine at er viktige for ein dirigent. | nb_NO |