Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFlokenes, Randi Saue
dc.date.accessioned2014-08-26T06:00:11Z
dc.date.available2014-08-26T06:00:11Z
dc.date.issued2014-08-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218050
dc.description.abstractMålet mitt med denne oppgåva var å finna ut korleis eg kunne auka elevane si leselyst, og om elevar kunne få auka leselyst og verta motiverte av å ha leselekser som var tilpassa kvar einskild etter interesse og lesedugleik. Problemstillinga mi vart då: Korleis auka leselysta hjå elevane? –kan lesing etter interesse vera ein motiverande faktor? Det vert stadig oftare snakka om kor dårleg norske elevar skårar på internasjonale lesetestar, og om at elevar ikkje likar å lesa. Difor laga eg eit leseopplegg til ein fjerdeklasse, der leseleksene til elevane var tilpassa kvar einskild etter interesse og lesedugleik, og målte resultata i spørjeskjema før og etter leseperioden. Eg har delt teoridelen min inn i to hovuddelar, pedagogikk og norsk. Innafor kvar av dei to delane har eg teke med det eg har funne viktig for å belysa temaet. Innan pedagogikk har eg mellom anna sett på tilpassa opplæring, motivasjon, sosiokulturell læring og kognitiv skjemateori. Innafor norskfaget har eg nytta teori om lesing, leselyst og ulike teksttypar. Noko teori er henta frå Gunn Imsen, Kåre Kverndokken, Lesesenteret i Stavanger og Astrid Roe. Som forskingsmetode har eg brukt spørjeskjema og utstrukturert klasseintervju. Eg nytta spørjeskjema før og etter leselekseperioden, i tillegg til klassesamtale før perioden og ustrukturert klasseintervju heilt til slutt. Gjennom forskinga mi har eg funne at dei fleste elevane likte denne typen leselekse betre enn lekse frå den vanlege leseboka. Resultata viser at fleire enn før har lese meir, og at dei fleste har lese meir heime no enn tidlegare. Slik kan eg konkludere med at lesing etter interesse har gitt elevane auka leselyst. I tillegg har eg funne ut at å gje individuelle leselekser kan føra til at ein går glipp av den viktige lesinga av fellestekstar i klassen, men at dette kan kompenserast ved å nytta klassesamtalar om lesetekstane i etterkant. Slik kan elevane nytta munnlege dugleikar til å samtale om tekstane dei har lese. Det eg såg var at i ein slik samtale vart skiljet mellom dei såkalla lesesterke og lesesvake elevane mindre tydeleg. Om eg hadde hatt meir tid til rådigheit, ville eg har prøvd ut det same opplegget i minst ein klasse til. Det kunne gitt meg ein auka validitet. Samla sett har forskinga mi vist meg at dette er ein av mange måtar eg som lærar kan vera med på å auka motivasjonen og leselysta hjå elevane på. Opplegget eg laga var tidkrevjande, men absolutt ein kjekk måte å arbeida med lesing på.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleLeselekse: For å auke leselysta?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel