Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDørheim, Kjersti Wiik
dc.date.accessioned2014-08-26T05:53:38Z
dc.date.available2014-08-26T05:53:38Z
dc.date.issued2014-08-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218046
dc.description.abstractI Forskings- og utviklingsarbeidet eg har gjennomført med denne oppgåva, valde eg å sjå nærare på begynnaropplæringa. Dette valet gjorde eg fordi begynnaropplæringa legg grunnlaget for all vidare læring gjennom skuleåra, og difor vert kvaliteten på denne opplæringa særs viktig. For å avgrense omfanget av FoU-arbeidet mitt, valde eg å ha særleg fokus på bokstavinnlæringa i begynnaropplæringa. Problemstillinga vart såleis; ”Korleis jobbar lærarar med bokstavinnlæring i begynnaropplæringa?” Målet mitt med oppgåva var å få ei betre innsikt i korleis lærarane praktiserer begynnaropplæringa, og kva likskapar og ulikskapar praksis har i forhold til forsking som er på dette området. Oppgåva har eg delt inn i teori, ein metode, presentasjon av data og drøfting. I teoridelen tek eg opp relevant teori frå ulike læringsteoriar og norskdidaktikk. Dei læringsteoriane eg har lagt vekt på i denne oppgåva er frå Vygotsky, Piaget og Gardner. Nokre av dei sentrale kjeldene mine i norskdidaktikken, er blant andre Engen og Håland (2005), Traavik og Alver (2008), Engen og Helgevold (u.å) og Molander og Skauge (2009). Eg valde dei kvalitative metodane observasjon og intervju for å best mogleg kunna svara på problemstillinga mi. Då observerte eg i to klassar på 1. trinn, og intervjua tre lærarar. Eg valde å observera i to klassar for å sjå om det var skilnad i korleis bokstavinnlæringa var lagt opp mellom ulike klassar. Intervjua var halvstrukturerte, med ein intervjuguide klar på førehand, og moglegheit for oppfølgingsspørsmål. Blant nokre av dei sentrale funna eg gjorde gjennom FoU-arbeidet, var at bokstavinnlæringa i begynnaropplæringa hadde mange fellestrekk i desse klassane. Det var likevel nokre funn av ulikskapar også. Eitt eksempel, var Magne Nyborg sin omgrepsmodell, som vart nytta i den eine klassen, medan lærar i den andre klassen nytta eigne omgrep. Bokstavinnlæringa i praksis samanfall også i stor grad med forsking på området, sjølv om eg fann nokre avvik der også. Det største avviket mellom praksis og forsking, var i progresjonen av bokstavinnlæringa. Lærarane fylgde ei tradisjonell progresjon på ein bokstav i veka, medan nyare forsking legg fram at ei auka progresjon er ein fordel for både sterke og svake elevar. Tankar eg sit igjen med etter FoU-arbeidet, er at bokstavinnlæringa i begynnaropplæringa i sin heilskap verkar tradisjonsbunden, og at det kan vera grunnen til dei avvika eg har funne i høve til forsking. Eg tykkjer likevel at opplæringa i desse klassane fungerer godt slik den er lagt opp i dag.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleBokstavinnlæring i begynnaropplæringa: Korleis jobbar lærarar med bokstavinnlæring i begynnaropplæringa?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel