Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRykkje, Hilde
dc.date.accessioned2014-08-26T05:49:49Z
dc.date.available2014-08-26T05:49:49Z
dc.date.issued2014-08-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218044
dc.description.abstractI mitt forskingsarbeid ynskja eg å sjå på korleis uteskule som arbeidsmåte kan fungera i skulen og kva verknadar ute-undervising har for elevane. For å avgrensa oppgåva valde eg å konsentrera meg om uteskule og begynnaropplæringa i lesing og skriving. Problemstillinga vart difor; ”Korleis drive begynnaropplæring ved hjelp av uteskule? Ein ressurs i opplæringa?” Uteskule som arbeidsmåte kan ofte tenkjast som ein arbeidsmåte innan naturfag. Eg ynskja å sjå på korleis ute-undervisning kan fungera i fleire fag, og difor valde eg å fordjupa meg i begynnaropplæringa i norskfaget. Eg har delt teoridelen inn i fem delar. Eg ser fyrst på helsesituasjon til barn i dag, og deretter omgrepet uteskule. Innan pedagogisk teori har eg fordjupa meg i den sosiokulturelle læringsteorien til Vygotsky og det elevorienterte synet til Dewey. Eg har nytta meg mykje av teoriane og forskinga til Arne Nikolaisen Jordet og Mari Frøyland om uteskule som arbeidsmåte. For å svara på problemstillinga valde eg kvalitativ metode. Eg nytta aksjonslæring ved hjelp av eit undervisningsopplegg og eit halvstrukturert intervju i etterkant. I hovudsak skulle intervjuet vera ein kommentar til undervisningsopplegget, men grunna mange utfordringar, vart intervjuet ein viktigare del av studiet enn eg hadde forventa. Gjennom mi undersøking har eg funne ut at uteskule som arbeidsmåte egnar seg godt i begynnaropplæringa og generelt alle fag i grunnskulen. Eg har funne mange positive ringverkandar ved å drive med uteskule og fekk overraskande funn på auka konsentrasjon og uthald hos elevane ved ute-undervisning. Eg har sett at leiken er ein god innfallsvinkel til læring, samt ein stor motivasjonskjelde for elevane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleUteskule: Ein ressurs i begynnaropplæringa?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel