Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøys, Beate
dc.date.accessioned2014-08-26T05:46:45Z
dc.date.available2014-08-26T05:46:45Z
dc.date.issued2014-08-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218038
dc.description.abstractMålet med denne undersøkinga var å få kunnskapar om korleis nokre lærarar planlegg for undervisning i matematikk på barneskulen. Eg ville undersøke korleis lærarar legg til rette for at elevane skal få utvikla forståing i faget, og på kva måte deira refleksjonar om korleis ein elev forstår matematikk gjenspeglar seg deira praksis. Eg ynskte å finne ut om korleis lærarkunnskap heng saman med planlegging for undervisning og kva matematiske kompetansar det vert lagt vekt på. I samanheng med dette var eg opptatt av korleis undervisninga kan medverka til at elevane utviklar overflatekunnskap eller ei djupare forståing i matematikk. Bakgrunnen for at eg val dette fokuset for mi undersøking, var for å lære meir om korleis eg kan legge til rette for at elevar skal få utvikla forståing i matematikk. Eg kom difor fram til følgjande problemstilling: "Korleis legg lærarane opp matematikkundervisninga, med tanke på å auka elevane sin forståing?" I teorikapittelet presenterer eg ulik teori som er knytt til forståing av Richard Skemp og Carpenter og Lehrer. Eg nyttar sosialkonstruktivismen og Paul Cobb knytt til korleis eleven lærer. I høve til teori om lærarkunnskap, vil eg visa til Deborah Ball og Utdanningsdirektoratet. Eg vil i tillegg ta utgangspunkt i tre matematiske kompetansar som gjer seg gjeldande for forståing. For å undersøke problemstillinga mi valte eg å nytta halvstrukturerte forskingsintervju der utvalet mitt bestod av tre lærarar som er tilsett ved to ulike barneskular. Det var for å få betre kjennskap til korleis planlegginga av undervisning i matematikk føregår, i tillegg til å undersøke kva lærarane vektlegg som viktig for å fremje elevane sin forståing Gjennom intervjua fekk eg kjennskap til refleksjonar og lærarane sine prioriteringar når det kjem til planlegging av undervisning i matematikk, og korleis dei legg opp til at elevane skal forstå det dei skal læra. Eg finn at lærarane har mange likskapar i det dei legg vekt på når dei planlegg for undervisning, samstundes som det dei legg vekt på er i ulik grad. Nokre sentrale funn er at dei prioriterar matematiske kompetansar, og visar til fleire kjenneteikn på læring med forståing. Dei nyttar lærarkunnskapen dei har for å legge til rette for undervisning, med tanke på at elevane skal forstå det dei skal læra. I høve til at eg har gjennomført ei kvalitativ undersøking med eit lite utval av informantar, medverkar det at eg ikkje kan trekke generelle konklusjonar for problemstillinga mi. Likevel kan resultata peika mot at desse tre lærarane legg opp til ei undervisning som berar preg av at elevane skal få utvikla relasjonell forståing.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKorleis legg lærarane opp matematikkundervisninga, med tanke på å auke elevane sin forståing?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel