Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBortne, Liv Anne
dc.date.accessioned2014-08-25T12:50:47Z
dc.date.available2014-08-25T12:50:47Z
dc.date.issued2014-08-25
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218026
dc.description.abstractI mi bacheloroppgåve valte eg å ha fokus på dei vaksne si oppleving av kvardagen i barnehagen. Målet var å finna ut om det kunne sporast ein skilnad hos tilsette i ordinære barnehagar og tilsette i natur- og friluftsbarnehagar. Problemstillinga mi vart difor som følgjer: Korleis opplever tilsette i ordinærbarnehagar problematikk knytt til støy og konfliktar mellom barn, samanlikna med tilsette i friluftsbarnehagar? For å kunne få svar på dette, valte eg å nytte meg av kvantitativ metode slik at det ville vera overkommeleg med tanke på blant anna tid å hente inn svar frå mange ulike barnehagar. Vidare valte eg spørjeundersøking, med enkle og konkrete spørsmål som ikkje skulle bidra til forvirring eller mistolking. Målet var spørjeundersøking var også at respondentane skulle få svara når det passa dei, og få bruke den tida dei trong. Under utforminga av spørjeskjemaet, såg eg at det også ville vera interessant å få vite noko om kor mykje tid som vert brukt ute per veke i gjennomsnitt. Dette, saman med spørsmål kring kjønn, utdanning og barnehagetype førte til at eg også tok med to underproblemstillingar i oppgåva: Har antal timar ute per veke innverknad på opplevinga? Er det skilnad i antal timar knytt til kjønn, utdanning og type barnehage? Teorigrunnlaget i oppgåva er hovudsakleg knytt til faget fysisk fostring, men også pedagogikk er med i blant anna kapittelet som omhandlar metode. Resultata frå undersøkinga mi viser at det ikkje var den store skilnaden i korleis tilsette i dei ulike barnehagetypane opplevde kvardagen med tanke på støy og konfliktar. Det vil vera nærliggande å tru at ulikskapen hadde kome betre fram eller vore annleis dersom utvalet respondentar hadde vore jamnare fordelt på dei ulike typar barnehagar. Resultat knytt til underproblemstillinga; Er det skilnad i antal timar knytt til kjønn, utdanning og type barnehage? viser at det er stor skilnad i kor mange timar dei ulike typar barnehagar tilbring ute. Ordinære barnehagar har eit gjennomsnitt på 20,77 timar medan natur- og friluftsbarnehagar har eit gjennomsnitt på heile 27,86. Dette er det einaste resultatet i undersøkinga mi som er statistisk signifikant.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKorleis opplever tilsette i ordinærbarnehagar problematikk knytt til støy og konfliktar mellom barn, samanlikna med tilsette i friluftsbarnehagar?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel