Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJørgensen, Ruth
dc.date.accessioned2014-07-08T07:51:31Z
dc.date.available2014-07-08T07:51:31Z
dc.date.issued2014-07-08
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/197231
dc.description.abstractSom lærar ynskte eg eit skule- heimsamarbeid der læring stod i fokus. Foreldre er etter mitt syn den viktigaste samarbeidspartnaren eg som lærar har, og dei skal ha ein sentral plass i borna sitt læringsmiljø. Det å møta foreldre i dialog om borna si faglege og sosiale utvikling, gjev ein ekstra dimensjon til undervisninga. Foreldre kan på mange måta vera ein ressurs for skulen. Eg hadde ein tanke om at foreldre også ynskte ein opnare skule der reell medverknad i borna deira sitt læringsarbeid var mogeleg. Men i det daglege tykte eg at tida ikkje strakk til og at eg ikkje hadde den kontakten med foreldra som er ynskte. Eg ynskte meir medverknad for foreldra og var på leiting etter nye metodar eller verktøy for skule- heimsamarbeidet. Nokon gonger treng me å endra både praksis og verkemiddel for å koma vidare, og eg innsåg at kan hende var det eg som måtte endra praksis fyrst. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) var komen for fullt inn i skulen, og skulen min hadde nett fått It’s Learning som digital læringsplattfrom. På denne bakgrunn ynskte eg å prøva ut om It’s Learning kunne vera eit verktøy som kunne endra skule-heimsamarbeidet noko, slik at reell foreldremedverknad vart mogeleg. Hovudproblemstillinga vart formulert ut frå eit ynskje om å setja digitalt skule- heimsamarbeid på dagsorden, prøva ut It’s Learning som reiskap for samarbeidet og finna ut om eit slikt samarbeid kan vera med å stø opp pm borna si læring. Forskingsspørsmåla skulle presisera og stø opp om hovudproblemstillinga. Dette formulerte eg som fylgjande: Hovudproblemstilling: På kva måtar kan ei digital læringsplattfrom nyttast i skule- heimsamarbeidet, og korleis kan denne samarbeidsforma vera med å stø opp om borna si læring? Forskingsspørsmåla: Korleis kan It’s Learning nyttast som reiskap for foreldremedverknad? Kva kan dette ha å seia for borna sitt læringsarbeid? Målet med masteroppgåva har vore å prøva ut It’s Learning som reiskap i skule- heimsamarbeidet og finna ut om ei slik samarbeidsform kan gje foreldre reell medverknad i barnet deira sitt læringsarbeid. Forskingsarbeidet har eg sett inn i teoretisk tradisjon med Skule- heimsamarbeidet på dagsorden – Digital foreldremedverknad i borna si læring Ruth Jørgensen, 2014 Side 4 utgangspunktet i sosiokulturelle læringsteoriar, forsking kring skule- heimsamarbeidet, dialog og danning, og den digitale dimensjonen i dette Eg valde kvalitativ metode og aksjonsforsking som design. Aksjonsforsking skil seg frå annan forsking gjennom ei tett koplinga mellom forsking og målretta praksis. I aksjonsforskinga heng forskingsspørsmåla saman med eit ynskje om å endra praksis. Eg har sett mi forsking inn i eit undervisningsopplegg i norskfaget på barnetrinnet. På den måten ynskjer eg å syna samanhengen mellom forsking og praksis. Aksjonsforsking har som mål å forbetre og endra praksis. Validering blir i denne samanhengen ikkje avslutninga på forskinga men derimot engasjementet i å sjå nye mogelegheiter. Informantane, eller forskingsdeltakarane, mine var i hovudsak foreldre. Eg ville ha fram foreldrestemma i skule- heimsamarbeidet. Foreldre er subjektive i synet på eigne born og kjenslemessig knytt til borna sine. I samtale og dialog, gjennom spørjeundersøkingar og intervju, fekk eg subjektive meiningar, erfaringar og haldningar hjå informantane mine. Dette var kjelder og informasjon som eg såg på som påliteleg i denne samanhengen. Det vart mi oppgåve som forskar å samanfatta informasjonen, analysera og drøfta dette i lys av teoriar, for vidare å sjå om her var noko å læra for eit framtidig skule- heimsamarbeid. Forskingsarbeidet var ein prosess. Både forskar/ lærar og foreldre endra seg undervegs. Viktigaste resultata var kan hende at It’s learning kan vera eit av mange verktøy som kan brukas i skule- heimsamarbeidet, men at ikkje noko digitalt media kan erstatta eit fysisk møte mellom menneske som byggjer på respekt og toleranse og eit ærleg ynskje om å arbeida for eit sams mål.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleSkule- heimsamarbeidet: Digital foreldremedverknad i borna si læringnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel