Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStavland, Anders
dc.date.accessioned2012-12-19T09:04:13Z
dc.date.available2012-12-19T09:04:13Z
dc.date.issued2012-12-19
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152426
dc.description.abstractFøremålet med denne studien var å undersøkja korleis digitale verktøy kunne fremja tilpassa opplæring på ulike læringsarenaer. Problemstillinga var formulert slik: Korleis kan ein lærar fremja tilpassa opplæring med hjelp av digitale verktøy på ulike læringsarenaer. Problemstillinga vart undersøkt ved desse tre forskingsspørsmåla: • Korleis planlegg og gjennomfører læraren ei tilpassa opplæring, og kva rolle spelar dei digitale verktøya? • Korleis opplever elevar og lærar arbeidet med digitale verktøy og samspelet mellom dei ulike læringsarenaer samanlikna med tradisjonell undervisning? • I kva grad oppnår elevane motivasjon, læring og meistring når dei arbeider med dei digitale verktøya på ulike læringsarenaer? Bakgrunnen for studien var at Kunnskapsløftet seier at å gje elevane ei tilpassa opplæring er den største utfordringa i norsk skule. I fylgje sentrale styringsdokument er skulane pålagde å driva ei tilpassa undervisning der alle elevar skal ha dei same høve til å utvikla sine evner og talent. Bruk av digitale verktøy er ein av dei grunnleggjande dugleikane i læreplanen. Dermed vart det aktuelt å undersøkja korleis dei digitale verktøya kunne medverka til ei tilpassa opplæring. Aktivitets- og erfaringslære til Dewey saman med læra hans om systematisk tilrettelegging av lærestoffet, danna det viktigaste teorigrunnlaget for oppgåva. I tillegg brukte eg teori og forsking om både tilpassa opplæring og om bruk av digitale verktøy. For å finna svar på problemstillinga valde eg å bruka ei kvalitativ tilnærming og gjennomførte ein kasusstudie. Undersøkinga var avgrensa til eit tverrfagleg prosjektarbeid i ein klasse på mellomsteget i grunnskulen. Klassen vart observert i ein periode på om lag to månader der læraren og elevane vart intervjua. I tillegg danna digitale dokument, produserte av lærar og elevar, data som vart analyserte. Dette opna for ei triangulering for å validera funna. Innsamla data vart sorterte, systematiserte og det vart utført ein temabasert analyse sett i lys av utvalt teori. Resultatet av undersøkinga viste at både læraren og elevane sitt arbeid med dei digitale verktøya kunne medverka positivt til å fremja ei tilpassa opplæring. Samspelet mellom ulike læringsarenaer vart vurdert positivt av både lærar og elevar. I lag med dei III digitale verktøya opna dette samspelet for variasjon i opplæringa. Eit anna funn var at både lærar og elevar vurderte bruken av dei digitale verktøya positivt i høve til tradisjonell undervisning. Elevane nådde læringsmåla i prosjektarbeidet på ein god måte. Elevane opplevde både motivasjon og meistring i gjennomføringa av arbeidsoppgåvene. Tilpassa opplæring vert ofte assosiert med frie elevaktivitetar med læraren som rettleiar. Denne studien viste at læraren styrte læringsaktivitetane sterkare og hadde kontroll over den faglege progresjonen i større grad. Studien viste òg at lærarens digitale og pedagogiske kompetanse var verdifull for gjennomføringa av tilpassa opplæring. Ein konklusjon av undersøkinga er at det ikkje finst lettvinte løysingar for å gjennomføra ei tilpassa opplæring. Ein kan ikkje peika på éin spesiell metode slik og slå fast korleis ein skal gjennomføra ei tilpassa opplæring. Den tilpassa opplæringa er situasjons- og kontekstbunden der læraren må bruka den pedagogiske kompetansen sin for å gjennomføra den tilpassa opplæringa. Her synest dei digitale verktøya å ha ein viktig plass.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.subjectIKTno_NO
dc.titleDigitale verktøy i samspel på ulike læringsarenaer: Korleis fremja tilpassa opplæring?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel