Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBakka, Borghild Gullberg
dc.date.accessioned2011-11-22T12:51:09Z
dc.date.available2011-11-22T12:51:09Z
dc.date.issued2011-11-22
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152384
dc.description.abstractMasteroppgåva sitt overordna mål har vore å undersøke korleis foreldre og lærarar forstår og nyttar seg av IKT i skule-heim-samarbeid. Undersøkinga vart gjennomført vinteren og våren 2011, og informantane var foreldre og lærarar frå to ulike klassar som nyttar seg av IKT samarbeidet mellom heim og skule. Totalt var seks informantar med i undersøkinga. Problemområde Skule-heim-samarbeid er relevant på alle alderstrinn i grunnskulen, og både foreldre og skule ynskjer å fremje eit best mogleg samarbeid mellom desse institusjonane for å styrke den einskilde elev sin skulefaglege og sosiale framgong. Etter kvart som det digitale samfunnet utviklar seg, meiner eg at det vert naturleg å ta i bruk digitale verktøy i samarbeidet mellom heim og skule, og dermed har eg valt følgjande problemstilling: Korleis forstår og praktiserer foreldre og lærarar bruk av IKT i skule-heim-samarbeid? Metode Undersøkinga byggjer på tidlegare forsking og litteratur rundt generelt skule-heim-samarbeid, og den litteraturen som føreligg rundt bruk av IKT i skule-heim-samarbeid, samt at det inngår teori om kommunikasjon. Problemstillinga som er reist, er forsøkt funne svar på ved hjelp av kvalitativ tilnærming, og det blir argumentert for dette valet. Datainnsamlinga er gjort ved eit kvalitativt forskingsintervju. Intervjua vart tatt opp og transkribert til tekst. Gjennom heile arbeidet med oppgåva har eg hatt eit fenomenologisk standpunkt. Eg er ute etter korleis menneska erfarer og opplever IKT-samarbeidet mellom skule og heim. Empiri Funna vert presentert og drøfta i tråd med teori som er presentert. Eg presenterer funna og drøftar desse hovudsakleg i tråd med Nordahl (2007) sine tre nivå i skule-heim-samarbeid. Konklusjonar Både foreldre og lærarar er positive til å bruke IKT i samarbeidet dei i mellom. Dei ynskjer å formalisere eit IKT-samarbeid, slik at dette blir likestilt med det tradisjonelle samarbeidet. Foreldra synest at det er utviklingspotensial, og ynskjer at samarbeidet skal vere meir enn eit informasjonssamarbeid. Både SMS, heimeside, telefon og e-post vert brukt, men ikkje nok. Særleg synest informantane at e-post er eit verktøy dei kunne 3 tenke seg å bruke meir, men at dei ikkje synest at dette er sikkert nok. Nokre nemner at ved bruk av IKT er det lettare at sensitive opplysningar kjem på avveie, og andre ynskjer digitale signaturar i e-posten. Funna viser at foreldra opplever at dei har god kommunikasjon med skulen og at dei vert informerte i forhold til barna sin skuledag, men at kontakten mellom lærar og foreldre er prega av informasjon frå skulen og læraren si side, heller enn påverknad. Informantane meiner dei har ein god dialog og problem vert drøfta i fellesskap, men saknar å ha meir medverknad, og medbestemming eksisterer i heller liten grad. Nokre av informantane meiner at aktiv bruk av IKT kan vere med å betre dette, at det er lettare å ta kontakt med skulen og ytre sine meiningar og synspunkt når ein ante kan sende ein SMS eller ein e-post.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleDet nye samarbeidet: Bruk av IKT i skule-heim-samarbeidno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiIKTno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel