Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrødem, Tore
dc.date.accessioned2011-01-12T09:49:57Z
dc.date.available2011-01-12T09:49:57Z
dc.date.issued2011-01-12T09:49:57Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152378
dc.description.abstractBakgrunnen for denne oppgåva har vore korleis lærarrolla utviklar seg i eit samfunn der endringar på fleire plan skjer i stor fart. Den teknologiske utviklinga akselererer, og læringsmiljøet i skulen blir sterkt påverka av dette. Det er difor aktuelt også å leita etter nye løysingar som kan støtta læraren sitt oppdrag. Eg har valt å undersøkja om opplæring i Digital Storytelling som metode kan vera med på å utvikla lærarrolla. Arbeid med Digital Storytelling kan seiast å innebera prosessar der fleire av eigenskapane som høyrer til ei moderne lærarrolle blir aktualiserte. Ei moderne lærarrolle kan seiast å eksistera i spennet mellom ei rekkje omsyn. Det blir hevda at lærarane sjølv bør ta styring over skuleutviklinga i høgare grad. Ein kan sjå ein tendens til at lærarar nyttar pedagogiske hybridversjonar og gjenoppdagar personlege eigenskapar som middel for å nå læringsmåla. Medvit om korleis ein representerer rolla både stadbunde og digitalt i mange modalitetar kan også seiast å vera eit viktig trekk ved ei moderne lærarrolle. I denne oppgåva vel eg å leggja vekt på sjølvrepresentasjon, digital sjølvrepresentasjon og digital kompetanse som viktige element i ei moderne lærarrolle. I teoridelen vel eg å studera Digital Storytelling som artefakt. Her legg eg vekt på stadbunden og digital sjølvrepresentasjon som viktige aspekt. Vidare ser eg på ulike trekk ved utviklinga av ei moderne lærarrolle og kva plass Digital Storytelling kan ha i denne samanhengen. Når det gjeld metode har eg valt gjera å gjera ein kasusstudie med ei kvalitativ tilnærming. Eg nyttar intervju, notat og forteljingar frå praksis som utgangspunkt for analysen. Funna eg har gjort tyder på at lærarar som arbeider med Digital Storytelling opplever eit auka medvit om korleis dei representerer seg sjølv i lærarrolla både stadbunde og digitalt. Vidare ser ein at dei opplever store manglar i den basale digitale kompetansen sin. Eit viktig funn er at dei også manglar viktige element i meir overordna digital kompetanse, men at dei ikkje er så medvitne om denne mangelen. Eit anna viktig funn er at synet på digital kompetanse som integrert del av skulefaga i relativt lita grad er vektlagt av lærarane. Undersøkinga er gjennomført med hjelp frå eit utval filologar som underviste i norsk i videregåande skule i 2009-2010.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSjølvrepresentasjon i digitale forteljingar: Digital Storytelling som metode for å realisera ei moderne lærarrolleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiIKTen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel