Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHillersøy, Janne
dc.date.accessioned2009-07-21T11:31:07Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152343
dc.description.abstractDet digitale broderi er ei oppgåve om prosessen i eit maskinlaga broderi. Oppgåva har hatt som mål å sjå på det håndlaga broderiet og det maskinlaga broderiet. Ikkje for å gjera ei samanlikning, men for å sjå kva det digitale kan tilføra det tradisjonsrike. Gjennom intervju av to eldre kvinner som sjølve er sterke berarar av tradisjonen, gjennom mormor sitt broderi og gjennom eigen skapande prosess har det digitale broderi blitt til i eit møte mellom det nye og det gamle. Under heile prosessen har oppgåva hatt eit didaktisk utgongspunkt, der målet har vore å undersøkja nye måtar å ta i bruk tradisjonsrikt håndarbeid i kombinasjon med digitale verktøy. Kunst- og hånvdverksfaget står i ei særstilling innanfor den digitale læringsrevolusjonen i skulen. Digitale hjelpemiddel gjer sitt til at ein ikkje treng læra å sy korssting for å laga eit korsstingsbilete. På den eine sida kan ein sjå på det som eit positivt bidrag til faget. Elevane treng ikkje læra seg teknikkar og handarbeid dei færraste truleg vil bruka i framtida. Dei kan likevel ta i bruk noko frå det tradisjonsrike håndarbeidet i eige arbeid og dekor. På den andre sida ser eg svakheten ved ein slik bruk av verktøyet. Det å læra eit håndarbeid har i seg verdi utover det reint tekniske. Det handlar om å byggja bru mellom tidlegare tider og oppveksande generasjonar. Det handlar om og læra seg eit praktisk arbeid frå grunnen av. Og det handlar om å skapa noko med hendene. Oppgåva har vore medviten ei slik vinkling, men stiller den i lys av teknologien som ein mulighet og ikkje ei begrensning. Kanskje kan ny teknologi inspirera til bruk og læring av tradisjonsrikt handarbeid. Kanskje opnar ny teknologi opp for møte med tradisjonen på ein annan måte, og på andre arenaer enn det som ville vore mogeleg utan teknologi. Kanskje kan møtet mellom tradisjon og teknologi inspirera til utforsking av fortida. Denne oppgåva har prøvd å finna ut om det digitale kan tilføra håndarbeidstradisjonen noko. Gjennom prosessen har eg funne ut at digitale verktøy aukar skapargleda og ynskjet om å laga eit broderi har fått nytt liv. Min prosess og kvinnene som broderte for hundre år sidan har likevel vist seg og vera ulike. Medan dei brukte tid på sjølve broderinga, har eg brukt tid på mønsterproduksjon. Tid og brukarvennlighet er viktige faktorar i denne prosessen, der teknologien tilfører tid og tidsriktige måtar å arbeida på. Det digitale broderi kan aldri bli det samme som det håndbroderte, men det kan likevel ha i seg spor frå det håndlaga. Begge dei to broderia er taktile arbeid som er laga med nål og tråd, og dei har begge som mål å pynta på kvardagen. Og me har alle hatt eit ynskje om å skapa noko.en
dc.format.extent4602116 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoben
dc.subjectIKTen
dc.titleDet digitale broderi: mellom håndabeid og høgteknologien
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel