Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOpdal, Gro Kristin
dc.date.accessioned2009-07-21T11:21:15Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152341
dc.description.abstractDigital biletskaping i kunst og handverksfaget er ei masteroppgåve skriven av Gro Kristin Opdal, i samband med studiet Master IKT i læring. Oppgåva tek utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine målsetjingar om bruk av digitalt verktøy i kunst og handverksfaget. Den fokuserar på korleis ein kan skape todimensjonale digitale portrett gjennom samansette digitale skapingsprosessar, der ein kombinerer digital biletmanipulasjon og tradisjonell måling. Ut i frå dette er oppgåva knytt opp mot problemstillinga: Kva moglegheiter og utfordringar gir dei samansette digitale skapingsprosessane for kunst og handverksfaget, med tanke på sjangeren portrett? Gjennom ei kvalitativ og fenomenologisk tilnærming, brukte eg litteraturstudie, læreplananalyse og eige skapande arbeid for å søkje kunnskap som ville belyse problemstillinga mi. Dette resulterte i at eg fekk kjennskap, og ei rekkje erfaringar til korleis ein kan skape digitale portrett på ulike måtar. Ved å bruke mine erfaringar, saman med teori og min læreplananalyse, har eg difor fått eit innblikk i kva moglegheiter og utfordringar prosessane kan gi kunst og handverksfaget. For det fyrste vil dei samansette digitale skapingsprosessane kunne gi kunst og handverksfaget moglegheiter til å la elevane bruke ulike digitale verktøy, som: digitalt kamera, skannar, bilethandsamingsprogram, skrivar og projektor i ein samanhengande prosess. Utøvar må ha ferdigheiter til å meistre desse verktøya, slik at han kan gjennomføre alle dei ulike fasane som den samansette prosessen består av. Dette vil også gi utfordringar til kunst og handverksfaget, då undervisninga må leggje opp til opplæring av desse verktøya. Spesielt gjeld dette bilethandsamingsprogrammet Adobe Photoshop, der opplæringa må skje gradvis over tid, gjennom ei veksling mellom instruksjonsbasert verktøyoppæring og kreativt arbeid. Dei samansette digitale skapingsprosessane vil også kunne gi kunst og handverksfaget moglegheiter med tanke på sjangeren portrett. Den er spesielt godt eigna for skaping av digitale og modernistiske portrett, med motiv innan kunstnarportrett eller typeportrett. Desse portretta vil vere spesielle og nyskapande, og ein kan skilje mellom måla portrett med eit digitalt uttrykk og digitale portrett med eit målerisk preg. Ut i frå Kunnskapsløftet sine målsetjingar vil dei samansette digitale skapingsprosessane kunne gi moglegheiter for ei tilpassa og variert undervisning, der ein kombinerer tradisjonelle og digitale teknikkar. Dette vil gi grunnlag for at elevane kan utvikle både spesielle og generelle erfaringar med bruk av digitalt verktøy. Oppgåva viser med dette korleis dei samansette digitale skapingsprosessane gir moglegheiter, som vil vere gunstige å bruke i skulen og i kunst og handverksfaget. Men konklusjonane og resultatet baserer seg på mine eigne erfaringar og tolkingar, og må sjåast i lys av dette. Vidare forsking ville difor vore interessant, der eg kunne testa ut prosessane på ulike årstrinn i skulen. Fyrst då kan ein trekkje slutningar rundt korleis prosessane vil fungere i praksis.en
dc.format.extent9581800 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoben
dc.subjectIKTen
dc.titleDigital biletskaping i kunst og handverksfaget: med vekt på sjangeren portrett og samansette digitale skapingsprosessaren
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel