Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFosse, Espen
dc.date.accessioned2009-07-20T12:48:23Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152339
dc.description.abstractMens bruk av IKT har fått ein sentral plass i undervisninga i grunnskulen, er det ingen som har oversikt over kva omfang bruk av slike verkty har i kulturskulen. Dette er utgangspunktet for ”Kulturskulegranskinga 2009 – musikk”, som er sendt ut til alle kulturskulane i Noreg. Kulturskulen er eit velferds- og opplæringstilbod som alle kommunar i landet er pålagde å ha gjennom Opplæringslova. Ulikt dei andre opplæringstilboda i landet er ikkje aktiviteten i kulturskulane skildra i forskrift slik som til dømes i grunnskulen. Kulturskulen har sin eigen rammeplan, men utan forankring i lov eller forskrift, er dette berre eit rettleiande dokument. Med andre ord står læraren fritt til å velje til dømes undervisningsmetodar og organiseringsformer. Kva erfaringar finst med bruk av IKT i kulturskulen? Kva fordeler og ulemper kan IKT tilføra opplæringa i kulturskulen? Kvifor? Kva haldningar finst til bruk av IKT i musikkopplæring blant kulturskulelærarane? Dette er døme på spørsmål som rundar inn problemområdet som denne masteravhandlinga tek utgangspunkt i. Avgrensinga av forskingsfeltet tilsvarar musikkfaget i kulturskulen, og følgjande forskingsspørsmål er lagt til grunn for dette forskingsarbeidet: 1) I kva grad vert IKT nytta i kulturskulen? 2) Kva har læraren sin praksisteori å seie for bruk av IKT? Utan tidlegare kartleggingar, er det lite sikker kunnskap om korleis arbeidet i kulturskulane går føre seg, både med omsyn til IKT og anna aktivitet. Metodevalet fall difor på bruk av ei omfattande spørjegransking – ein survey. Utan tidlegare kartleggingar å gå ut ifrå, har det vore naudsynt å gjere ”Kulturskulegranskinga 2009 – musikk” som ei to-kategori gransking. Fyrste del er ei kartlegging av aktivitetar, prioriteringar og meiningar hjå lærarane som underviser i musikk i dei norske kulturskulane. Bakgrunnen for å kartleggja aktivitetar, prioriteringar og meiningar så breitt, er at ei slik kartlegging er naudsynt for å setja funna om IKT-bruk inn i ein forklarande kontekst. Andre del fokuserar berre på ulike faktorar knytt til IKT og bruk av digitale verkty. Om lag 8 % av alle kulturskulelærarane i Noreg som underviser i musikk, er med i granskinga. Kvinner og menn er jamt fordelt med ei lita overvekt på 56 % kvinner. Aldersspreiinga er frå 18 til 70 år, med ein gjennomsnittsalder på 43. I forhold til elevplassane i dei norske kulturskulane, er det ei jamn fordeling av respondentar over heile landet. Det er 20 % av musikklærarane i kulturskulen som nyttar IKT-verkty i undervisninga kvar veke. I tillegg er det ei gruppe på 12 % som seier dei nyttar slike verkty i undervisninga nokre gonger i halvåret. Ein står då att med 68 % av lærarane, som seier dei nyttar IKT-verkty i undervisninga sjeldan eller aldri. Blant dei lærarane som nytta IKT-verkty, vart det kartlagd 31 ulike verkty. Etter ei kategorisering av desse verktya, visar det seg at verkty utvikla for musikkproduksjon er i stort fleirtal. Dei av lærarane som har nytta IKT-verkty i undervisninga, seier dei er godt nøgde med korleis verktyet fungerte. Samandrag 5 For å få indikasjonar på lærarane sin praksisteori, er det utvikla fire lærarprofilar på bakgrunn av lærarane sine prioriteringar av undervisningsaktivitetar; Kreativ lærarprofil, Elevsentrert lærarprofil med vekt på rytmisk musikk, Tradisjonell lærarprofil og Lærarprofil med vekt på samspel. Sjølv om det er bruk av IKT i alle lærarprofilane, er det ein tydeleg samanheng med kreativ lærarprofil og bruk av IKT. Dette står i kontrast til den dominerande tradisjonelle lærarprofilen, der liknande samanhengar er fråverande. Dette kan tyda på at bruk av IKT i kulturskulen heng meir saman med aktivitetar som kan reknast som skapande og kreative, enn aktivitetar som er fokusert på å vidareføra meir konkrete kunnskapar og dugleikar. Dei som samla sett brukar mest IKT i undervisninga, er altså dei som nyttar varierte og til dels eksperimentelle undervisningsformer og –metodar. Det er også ein tydeleg samanheng mellom IKT-bruk og den konkrete aktiviteten arrangering og komponering. Kulturskulelærarane som har svart på granskinga, er samla sett særs positive til bruk av IKT, og dei er samstundes både aktive og røynde IKT-brukarar i private samanhengar. Likevel er det ikkje fleire enn 20 % av dei som nyttar IKT-verkty i undervisninga kvar veke. Dette teiknar eit litt underleg bilete der kulturskulelærarane brukar dette i stor grad i private samanhengar og er særs positive til bruk av IKT, men likevel ikkje nyttar dette noko særleg i undervisninga. Kan det vere slik at den gjennomsnittlege kulturskulelæraren meinar at IKT er eit godt hjelpemiddel, men likevel ikkje vil nytta IKT-verkty i undervisninga si? I drøftingane i denne avhandlinga, er det reist fleire spørsmål som kan vere aktuelle å forske meir på: - Det er indikasjonar i denne granskinga som peikar i retning mot at det store fleirtalet av musikklærarane i kulturskulen, ikkje ønskjer å bruke IKT-verkty i undervisninga. Grunnar til og forklaringar på dette, bør undersøkast nærare gjennom metodar som til dømes intervju. - Det kan sjå ut som kreative aktivitetar legg best til rette for IKT-bruk. Dette kan vere ei av forklaringane på at IKT generelt sett vert lite nytta i undervisning. Ei nærare gransking av og om dette er tilfelle kan følgjast opp gjennom observasjon av praksis over tid, og analyse og samanlikning av føringar i den formelle og den realiserte rammeplanen. (Halvorsen, 2001) - Skilnadane i gjennomsnittsverdiane for dei ulike lærarprofilane fordelt på alle fylka, visar ikkje store ulikskapar, men er likevel såpass tydelege at dei kan gje grunnlag for vidare forsking og drøfting.en
dc.format.extent998928 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoben
dc.subjectIKTen
dc.titleKulturskulegranskinga 2009 - Musikken
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel