Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUr, Guro Harboe
dc.date.accessioned2007-03-28T09:00:16Z
dc.date.issued2006
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152317
dc.description.abstractSamandrag Denne oppgåva er skriven med eit ønske om å få ei djupare forståing for dei prosessane som skjer i grunnskulen når IKT skal implementerast i læringsarbeidet. Bakgrunnen er eigne erfaringar frå praksisfeltet der det blei opplevd at sjølv om det frå departementshald var klare føringar på at IKT skulle nyttast, var kvardagen i skule-Noreg ein annan. Teorigrunnlaget er henta frå organisasjons- og makt-teori. Organisasjonsteorien er representert ved hovudsakeleg Bolman & Deal, Dalin og Lillejord, og det er vist til studium på same område gjort av Cuban og Sarason i USA. For å få eit bilete av kva makt er, er Hernes sin maktmodell nytta, og den er tolka i lys av Foucault sitt syn på den moderne makta. Her blir forholdet mellom kunnskap og makt belyst. Oppgåva er utarbeida som eit kasusstudie der den delen av kommunen som har med skule og IKT og gjera er analyseeininga, og lærarar og personar på it-avdelinga blir undereiningar. Konteksten dette blir sett inn i er kommunar som er organisert etter ein såkalla ”flat” struktur. Som forskingsmetode er det nytta intervju med personar frå tre grupper i det kommunale systemet. Dette er lærarar utan IKT-ansvar, lærarar med IKT-ansvar og personar frå den kommunale it-avdelinga. Forskingsspørsmåla som blei reist på bakgrunn av teori og tidlegare forsking var todelt: Eksisterer det maktstrukturar i kommunen som er til hinder for innovativ bruk og utvikling av IKT, der grunnskulen er ein del av det kommunale apparatet? Og: Er det spesielle organisasjonsmessige forhold i grunnskulen som hindrar innovative tiltak? Etter å ha gjort ei kvalitativ analyse av det innsamla materiale, var det muleg å sjå konturane av maktstrukturar som kunne vera til hinder for ei innovativ bruk av IKT i skulen. Desse var knytt til at lærarane ikkje hadde ei eiga røyst når det blei gjort avgjersler som sterkt impliserte dei, og til språket som maktfaktor. I ”maktkampen” mellom ei teknisk verd og ei pedagogisk verd, arbeidde det seg fram ein ny kunnskap, og det var i følgje empirien til denne oppgåva teknikken som hadde størst ”makt”. ”Makt” i form av at dei tekniske løysingane som kommunane hadde valt for skulane, kontrollerte mykje av korleis lærarane kunne nytta IKT i arbeidet sitt. Det kom fram at lærarane hadde relativt stor fridom til å nytta dei metodane dei sjølv følte var best for å nå måla, og at dei handla utifrå heilt klare argument for kva som tente læringsarbeidet best. Rektor blei framstilt som ein nøkkelperson i arbeidet med å leggja til rette for bruken av IKT, og var den røysta lærarane hadde i kommunen som organisasjon. Det kunne sjå ut til at organiseringa av skuledagen i tradisjonelle 45-minuttarsbolkar og felles undervisning på data var i konflikt med felles serverløysing på kommunen. Når dei tekniske løysingane som elev-maskinane var kopla opp mot ikkje fungerte optimalt, var det vanskeleg for lærarar som hadde mykje undervisningstid å kombinera dette arbeidet med å vera IKTansvarleg. Vanskane bestod både i å finna tid til å samarbeida med it-avdelinga, og i å prioritera mellom oppgåver som høyrde til rolla som IKT-ansvarleg og rolla som kontaktlærar.en
dc.format.extent6983335 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonor
dc.subjectIKTen
dc.titleLæraren og systemet. Er det nokon som høyrer?en
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel