Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBratthammer, Åse
dc.date.accessioned2007-03-29T11:02:46Z
dc.date.issued2005
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152250
dc.description.abstractDepartementet sine forventningar og planar i høve til korleis teknologi skal kunne nyttast til å endre pedagogisk praksis er eit utgangspunkt for denne undersøkinga. Eit hovudmål er at IKT skal vera eit integrert verkemiddel for innovasjon og kvalitetsutvikling i norsk utdanning. I Norden er det tradisjon for at planane er rammeplanar, og skulane har eit handlingsrom. Det har difor vore interessant å sjå korleis ulike skuleleiarar tek i mot og er budd på denne utfordringa. Undersøkinga konsentrerer seg spesielt om å sjå på kva strategiar leiarane i skulane vel og korleis desse påverkar bruken av IKT. Det har difor vore naudsynt å knytte dette til både et organisasjonsperspektiv, eit leiarperspektiv og til dei pedagogiske muligheitene som informasjonsteknologien kan tilby. Fleire av organisasjonsteoriane viser til at ting heng saman og det er ulike dimensjonar som verkar på kvarandre. Dalin (1994) definerer fem dimensjonar som verkar gjensidig på kvarandre. Desse er verdiar, relasjonar, strukturar, strategiar og omgjevnad. Kravet om å ta i bruk informasjonsteknologi kjem frå mange hald. Det undersøkinga dreiar seg om er om verdiane og relasjonane i skulen vert endra når IKT vert implementert. Det er eit spørsmål om leiinga legg opp til ein bevist strategi som påverkar alle dimensjonane når ein tilfører teknologi. I denne samanhengen er det referert til fire større nasjonale og internasjonale undersøkingar. Sjølv om det kan seiast at det vert stilt dei same forskingsspørsmåla i alle desse, så var svara noko ulike. Særleg har skilnaden vore knytt til om implementering av IKT endra samanhengen eller den grunnleggjande forståinga radikalt i skulen. Undersøkinga er gjort gjennom å intervjue leiarar og lærarar på fire ulike skular, med tilsynelatande svært ulikt fokus på IKT. Alle skulane kan seiast å vera gode skular, dei når mange av sine mål, dei får gode resultat, elevane er nøgde og nye avgjerder vert teke på grunnlag av demokratiske prosessar. Dei organisasjonsteoriane som er drøfta har gjeve eit grunnlag og er ramme for å forstå og sjå skilnader mellom skular eller grupper innanfor skular. Det mogleg å sei noko om variasjonar når det gjeld kollektivt fokus, fleksibilitet, samarbeid og er framtidsorientering. Det er variasjonar når det gjeld det å få utfordringar frå leiinga, og korleis leiinga legg til rette for gode strukturar og arbeidar for å skapa ny kunnskap gjennom sosial samhandling og kommunikative prosessar i organisasjonen. Andre grupper eller skular kan definerast som meir stabile organisasjonar der leiinga vektlegg å halda fast på dei gode læringsmiljø dei har og der lærarane jobbar meir individuelt. Det viktige spørsmålet i undersøkinga var om implementering av IKT i seg sjølv påverkar prosessane som skapar grunnlag for nytenking og læring i organisasjonane. Spesielt var det kanskje eit grunnlag for å forventa dette dersom leiinga er bevisst på at dei vil bruka teknologien på denne måten. Dette har eg ikkje funne. Alle skulane heilt uavhengig av leiarstil og profesjonalitet på andre områder, tek i bruk og nyttar IKT på same måte. Det er ingen som ser korleis dei kan eller skal nytte IKT til å endre organisasjonen. Det er ikkje dette verktyet som driv slike prosessar er ei sams uttaling frå alle. Verktyet er nyttig til meir variasjon, til å hente inn informasjon, som hjelpemiddel til produksjon og enklare organisering. Men i høve til å utvikle organisasjonen mot ein lærande organisasjon er i følgje mine informantar teknologien ikkje ei drivande kraft. Dette finn eg att i nokre av dei internasjonale undersøkingane som uttalar seg i same lei. Dei seier det slik: There can be no guarantees that simply investing in ICT resources and developing accompanying teacher and pupil skills will enhance the overall effectiveness of a school (Rudd, 2001). It is instead suggested that technology serves as an additional resource, or tool for school development, rather than as a catalyst for reform (NFER, 2000;Venezky and Davis, 2002).en
dc.format.extent1700731 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonor
dc.subjectIKTen
dc.titleIKT som verkemiddel for innovasjon og kvalitetsutvikling i norsk utdanning : Korleis er skulen som organisasjon og leiinga spesielt budd på ei slik utfordring frå departementet?en
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel