Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLønning, Per Sveinung
dc.date.accessioned2013-09-03T08:53:55Z
dc.date.available2013-09-03T08:53:55Z
dc.date.issued2013-09-03
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152231
dc.description.abstractSkriving i naturfag er ei bacheloroppgåve skriven på lærarutdanninga ved Høgskulen Stord/Haugesund. Oppgåva er knytt til pedagogikk og naturfag, men inneheld også teori og element knytt til norskfaget. Hovudmålet med oppgåva er å sjå om ei sjangerfri tilnærming til naturfaget kan betra elevane sine basiskunnskapar i faget. Hypotesen er at elevane vil vera meir motiverte og lærevillige til å tileigna seg naturfagleg kunnskap ved at elevane sjølv får bestemma skrivesjanger. Vidare var eitt av måla å undersøka om elevane nytta dei grunnleggande dugleikane lesing og skriving på ein føremålstenleg måte i faget, og kva haldningar elevane generelt hadde til faget. For å finna svar på hypotesen har eg nytta både ein kvalitativ og ein kvantitativ metode for å ha eit breiare undersøkingsgrunnlag. Fire elevar vart intervjua og i tillegg vart det gitt ei oppgåve til 51 elevar på 8.trinn, der dei sjølv fekk velja mellom ei narrativ eller faktabasert oppgåve. Undersøkinga vart gjort som ein naturleg del av pensum til elevane noko resulterte i at den sjangerfrie oppgåva skulle framførast. At oppgåva skulle framførast munnleg er ei stor feilkjelde i og med at det synte seg naturleg for elevane å framføra ein saktekst i form av Power-Point- presentasjon, heller enn ei forteljing. Det var likevel to elevar som valde å framføra ei forteljing. Desse var elevar som låg nedst på karakterskalaen, men som begge fekk karakterløft etter at dei viste god innsikt i det emnet dei inkluderte i forteljinga si. Dette gir ein peikepinn på at i alle fall dei som slit i faget kan få betre innsikt og auka motivasjon ved å få velja ei narrativ tilnærming til kunnskapen. I motsetning til tidlegare forsking på feltet, (ROSE, TIMSS) synte informantane her ei svært positiv haldning til naturfag, og dei likte faget betre på ungdomsskulen enn på barneskulen. Informantane sa at dei keia seg i naturfagstimen på barneskulen grunna einsformig undervising og lite målretta aktivitetar. Informantane oppgav og at dei lærte meir, samt at dei var positive til at det vart stilt høgare krav til dei på ungdomsskulen. Ut frå informantane sine svar kunne ein sjå ein klar tendens til at dei grunnleggjande dugleikane lesing og skriving ikkje var prioritert på barneskulen. Opplæring i korleis elevane skulle lesa ein fagtekst med illustrasjonar og bilete, viste seg og å vera ei mangelvare. Informantane skreiv berre i faget når dei svarte på spørsmål frå boka, og kunnskap om ulike skrivesjangrar i naturfag var ukjent for dei. Ei anna utfordring som har komen til syne etter kvart som arbeidet med denne oppgåva har skridd fram, er korleis kompetansekrava i LK06 skal foreinast med naturfagslærarane sin kompetanse innafor lese- og skriveteori. I dag er det naturfagslæraren, som ofte ikkje har norskfagleg kompetanse, som skal læra elevane opp i lesing og skriving av sjangerbestemte tekstar. Denne oppgåva aktualiserer dermed også spørsmålet kring etterutdanning av lærarar i grunnskulen.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleSkriving i naturfag: Kan fritt val av skrivesjanger nyttast til auka elevars naturfaglege kompetanse?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel